Suwasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Suwa
諏訪湖
innsjø
Land  Japan
Tilsig 31 små elvar
Utløp Tenryū
Høgd over havet 759 moh.
Areal 13,3 km²
Middeldjupn 4,7 m
Kystlengd1 15,9 km
Koordinatar 36°02′54″N 138°05′03″E / 36.04833°N 138.08417°E / 36.04833; 138.08417
Byar Okaya
Suwa
Shimosuwa
Kart
Suwasjøen
36°02′54″N 138°05′03″E / 36.048333333333°N 138.08416666667°E / 36.048333333333; 138.08416666667
Wikimedia Commons: Lake Suwa
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Suwa (japansk 諏訪湖) er ein innsjø sentralt i Nagano prefektur i Japan. Han er den 24. største innsjøen i Japan ut frå areal.

Suwa er åstad for o-miwatari, eit interessant naturfenomen. Han har ei naturleg varmekjelde under overflata, slik at når vassflata frys til om vinteren, så er dei lågare delane av innsjøen varm og sirkulerar. Dette fører til skrugardar i isen, med høgder på 30 cm eller meir. Lokale segner fortel at skrugardane er danna av gudane som kryssar innsjøen, medan dei reiser mellom froskjellige bygningar i Suwa Taisha.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]