Suzhou i Anhui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Suzhou i Anhui

Suzhou (kinesisk: 宿州; pinyin: Sùzhōu) er eit byprefektur nordaust i provinsen Anhui i Kina, og grensar mot provinsane Jiangsu i nord og aust og Henan i vest. Prefekturet har eit areal på 1 686 km² og 5 161 423 innbyggjarar (2001). Byprefekturet Suzhou består av eitt distrikt og fire fylke.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Snøggtoget Beijing-Shanghai har stoppestad i byen Suzhou. Byen Suzhou er også stoppestad på jarnbanelina Jinghubana. Denne jarnvegen strekker seg frå Beijing til Shanghai via mellom anna Tianjin, Jinan, Nanjing og Suzhou i Jiangsu.

Kinas riksveg 206 går frå kystbyen Yantai til kystbyen Shantou i provinsen Guangdong. Han går gjennom provinsane Shandong, Jiangsu, Anhui, Jiangxi og endar i Guangdong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]