Suzi Quatro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Suzi Quatro
2017 Lieder am See - Suzi Quatro - by 2eight - 8SC8448 (cropped).jpg
Quatro på scenen i 2017
Fødd3. juni 1950 (72 år)
FødestadDetroit i Michigan i USA
FødenamnSusan Kay Quatro
OpphavUSA
AktivSidan 1964
Sjanger
Instrument
  • Vokal
  • bassgitar
Stemmetypemezzosopran
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Songar-låtskrivar
  • multi-instrumentalist
  • plateprodusent
  • skodespelar
  • radioprogramleiar
Gift medLen Tuckey

Susan Kay Quatro[1] (fødd 3. juni 1950)[2] er ein USA-amerikansk songar-låtskrivar, musikar og skodespelar. I 1970-åra fekk ho ei rekkje hitsinglar som gjorde det betre i Europa og Australia enn i heimlandet, og nådde mellom anna toppen i Storbritannia og andre europeiske land med singlane «Can the Can» (1973) og «Devil Gate Drive» (1974).

Quatro gav ut det sjølvoppkalla debutalbumet sitt i 1973. Sidan den gongen har ho gjeve ut 15 studioalbum, ti samlealbum og eit konsertalbum. Blant andre hittar finn ein «48 Crash», «Daytona Demon», «The Wild One» og «Your Mama Won't Like Me». Etter å ha spelt rolla som bassisten Leather Tuscadero i den populære amerikanske situasjonskomedien Happy Days, nådde duetten hennar «Stumblin' In» med Smokie-songaren Chris Norman fjerdeplassen i USA.

Mellom 1973 og 19890 fekk Quatro seks Bravo Otto-prisar. I 2010 vart ho stemt inn i Michigan Rock and Roll Legends. Ho skal ha selt over 50 millionar plater verda over,[3] og held framleis konsertar. Det nyaste studioalbumet til Quatro, The Devil in Me, kom ut i 2021 der ho samarbeidde med sonen Richard Tuckey som alt hadde spelt med mora på No Control i 2019.[4][5] Quatro har òg ein aktiv karriere som radioprogramleiar.[6]

Tidleg liv og familie[endre | endre wikiteksten]

Quatro er fødd og oppvaksen i Detroit i Michigan i USA.[2][7] Farfaren hennar var ein italiensk immigrant til USA. Familienamnet hennar «Quattrocchi» («fire auge», som tyder «bebrilla») vart forkorta til Quatro.[8] Familien Quatro budde i Detroit då ho vart fødd. Ho har tre søstrer, ein bror og ei eldre halvsyster. Foreldra hennar fostra fleire andre barn medan ho voks opp. Faren hennar, Art, var ein delsk profesjonell musikar og jobba i General Motors. Mora hennar, Helen, var ungarsk. I dette miljøet voks Quatro til å bli «ekstrovert, men einsam», ifølgje Philip Norman frå The Sunday Times, og ho vart først nær mora etter å ha reist frå USA til Storbritannia.[9]

Søstera hennar Arlene er mor til skodespelaren Sherilyn Fenn.[10] Søstera hennar Patti vart med i Fanny, eit av dei tidlegaste kvinnelege rockebanda som fekk nasjonal merksemd.[11] Quatro har ein bror, Michael Quatro, som òg er musikar.[12]

Ho vart påverka i ein alder av seks av å sjå Elvis Presley opptre på TV.[1]:26 Ho har sagt at ho ikkje hadde nokre direkte kvinnelege førebilete innan musikken, men vart inspirert av Billie Holiday og likte klessansen til Mary Weiss frå The Shangri-Las «fordi ho hadde på seg tronge bukser og ein vest på toppen - ho såg tøff ut».[13]

Quatro fekk formell opplæring i å spela klassisk piano og perkusjon – og det første instrumentet hennar var bongo.[14] Ho lærte seg sjølv å spela bass,[15] etter at systera hennar bad henne lære det for det første bandet sitt, The Pleasure Seekers.[14] Faren hennar gav henne ein Fender Precision-bassgitar frå 1957 i 1964, som ho framleis bruker i studio.[13][14]

I 1976 gifta Quatro seg med Len Tuckey. Dei hadde to barn saman (Laura i 1982 og Richard Leonard i 1984) og vart skilde i 1992.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere og Art Quatro Trio[endre | endre wikiteksten]

Quatro spelte trommar eller perkusjon frå ein tidleg alder som ein del av jazzbandet til faren, The Art Quatro Trio. Kjelder varierer med omsyn til om ho spelte i bandet frå ho var sju eller åtte, og om instrumentet ho spelte var eit trommesett eller perkusjon (bongo eller conga).[16][17] Deretter dukka ho opp på lokal TV som go-go-dansar i ein popmusikkserie.[16]

The Pleasure Seekers og Cradle[endre | endre wikiteksten]

Quatro, heilt til høgre, avbilda saman med to av systrene hennar, Patti og Arlene, og Eileen Biddlingmeier (i midten), i The Pleasure Seekers, 1966

I 1964, etter å ha sett ein TV-opptreden av The Beatles, hadde den eldre systera til Quatro, Patti, danna eit heilt kvinneleg garasjerockeband kalla The Pleasure Seekers med to venner.[17] Quatro vart òg med og tok artistnamnet Suzi Soul. Patti Quatro var kjent som Patti Pleasure. Suzi song og spelte bass i bandet. Bandet hadde òg seinare ei anna syster, Arlene.[16] Mange av opptredenane deira var i kabaret, der merksemda (til å byrja med) var meir fokusert på den fysiske utsjånaden deira enn den faktiske musikken. Nokre gangar måtte dei bruka miniskjørt og parykkar, noko Quatro seinare såg på som naudsynte vonde i jakta på suksess.[9] Likevel vart dei eit kjent inventar i det spirande musikkmiljøet i Detroit.[18]

The Pleasure Seekers spelte inn tre singlar og gav ut to av desse: «Never Thought You'd Leave Me» / «What a Way to Die» (1966) og «Light of Love» / «Good Kind of Hurt» (1968). Den andre av desse vart utgjeven av Mercury Records, som dei ei kort tid hadde ein kontrakt med før dei braut ut på grunn av usemje om den framtidige retninga si. Dei endra namn til Cradle på slutten av 1969, ikkje lenge etter at ei anna Quatro-syster, Nancy, hadde slutta seg til bandet og Arlene hadde slutta etter ho fødde eit barn.[19]

Arbeid med Mickie Most[endre | endre wikiteksten]

Quatro flytta til England i 1971, etter å ha vorte oppdaga av plateprodusenten Mickie Most, som på den tida hadde grunnlagt sitt eige plateselskap, Rak Records. Most hadde vorte overtalt til å sjå Cradle av Michael, broren til Quatro-systrene som hadde teke på seg ei managerrolle for bandet.[17] Til felles med mange i platebransjen på den tida, søkte Most ein kvinneleg rockesongar som kunne fylla tomrommet som Janis Joplin hadde skapt etter ho døydde.[9] I følgje Encyclopedia of Popular Music vart han merksam på Quatro på grunn av «venleiken hennar og evnene hennar som bassgitarist, songar og den største attraksjonen i Cradle.»[16]

Ho hadde òg tiltrekt seg merksemd frå Elektra Records og forklarte deretter at «I følgje Elektra-presidenten kunne eg bli den nye Janis Joplin. Mickie Most tilbaud seg å ta meg med til England og laga meg den første Suzi Quatro - eg ville ikkje vêre den nye nokon som helst.»[17] Dei fleste hadde inga interesse for dei andre bandmedlemmene[19] og han hadde inga aning på det tidspunktet om korleis han kunne marknadsføra Quatro. Ho budde eit år på hotell medan ho vart pleidd av Most, utvikla evnene sine og modna. Most sa seinare at resultatet var ein refleksjon av hennar eigen personlegdom.[9]

Den første singelen til Quatro, «Rolling Stone», vart berre ein suksess i Portugal, der han nådde toppen av singellista.[17] Dette var ei soloinnspeling, sjølv om ho fekk hjelp av folk som Duncan Browne, Peter Frampton og Alan White. Deretter, med godkjenning av Most, gjekk ho på prøvespeling for eit band som skulle akkompagnera henne.[9][20] Det var òg etter denne plata[21] at Most introduserte henne for låtskrivar- og produksjonsteamet Nicky Chinn og Mike Chapman, som skreiv songar spesifikt for å passa med imaget hennar. Ho gjekk med på Most si vurdering av imaget hennar, og sa at innverknaden hans, som nokon av artistane hans - som Jeff Beck og Rod Stewart - motarbeidde, ikkje omfatta produksjon, og at «Viss han prøvde å bygga meg om til ein Lulu, ville eg ikkje ha noko av det. Eg ville seia 'dra til helvete' og forsvinne.»[22] Dette var høgdepunktet av glamrock-perioden på 1970-talet og Quatro, som hadde på seg skinnklede, framstilte eit vilt androgynt image medan ho spelte musikk som «mest hang på ein hardrockrytme under tekstar der flyten i teksten var viktigare enn meininga i teksten.» [16]

I 1972 la Quatro ut som oppvarmingsartist på ein turné i Storbritannia med Thin Lizzy og Slade. Rak Records sørgde for at ho kunne bruka det nyerverva PA-systemet til Thin Lizz i løpet av turneen, med ein kostnad på £300 per veke som gjorde det mogleg for det irske bandet å effektivt kjøpa det utan kostnad for seg sjølv.[23] I mai 1973 var hennar andre singel «Can the Can» (1973) – som Philip Auslander skildra som å ha «tilsynelatande useriøse og praktisk talt uforståelege tekst»[24]:1– og denne gjekk til topps i delar av Europa og i Australia.[25]

Quatro og bandet hennar i AVRO-programmet TopPop, eit nederlandsk TV-show, den 7. desember 1973 (Venstre til høgre: Len Tuckey, gitar; Suzi Quatro, bassgitar; Alastair MacKenzie, klaverinstrument; Dave Neal, trommer)

«Can the Can» vart følgt av ytterlegare tre hittar: «48 Crash» (1973), «Daytona Demon» (1973) og «Devil Gate Drive» (1974). «Can the Can», «48 Crash» og «Devil Gate Drive» selde kvar over éin million eksemplar og vart tildelte gullplater,[25] sjølv om dei hadde liten suksess i heimlandet USA, der ho hadde turnert som oppvarmingsartist for Alice Cooper.[26] Rak Records sine artistar hadde generelt ikkje lykkast i USA, og det første albuma hennar, Suzi Quatro, vart kritisert av Alan Betrock for mangelen på variasjon, for det «andrerangs albumfyllet» som var skriven av Quatro sjølv og for stemma hennar, «ofte skildra som for høg og skingrande, med mangel på trøkk eller karakteristiske fraseringar.»[20] Greg Shaw skreiv for Rolling Stone og var òg negativ, og sa at albumet «kan vera ei naudsynt byrjing».[27]

I 1973 spelte Quatro på Cozy Powell-hiten «Dance With the Devil», eit spor skrive av Mickie Most medan Cozy Powell var ein del av Rak Records.

Quatro på TV-programmet TopPop, 1973.

Musikarar som fungerte som hennar backingband rundt denne perioden inkluderte Alastair McKenzie, Dave Neal og Len Tuckey,[9] med Robbie Blunt òg oppført av nokre kjelder.[28] Bror til Tuckey, Bill, fungerte som turnéleiar.[9]

Med unntak av Australia, vakla hennar suksessen hennar etter dette, noko som kom til syne med hitten «Your Mamma Won't Like Me» i 1975, som viste seg å vera ein moderat suksess i Storbritannia. Ytterlegare singlar «I Bit off More Than I Could Chew» og «I May Be Too Young», klarte ikkje å nå britisk topp 50. Quatro spelte inn albumet Aggro-Phobia i 1976 og gav ut ein ny singel i 1977 kalla «Tear Me Apart» som nådde topp 30 i Storbritannia, den første hitten hennar som klarte det på tre år. Det ville ta endå eit år for ein ny stor hit, denne gangen med ein mjukare stil[16] som gav Quatro «If You Can't Give Me Love» som vart ein hit i Storbritannia. Seinare same år nådde «Stumblin' In», ein duett med Chris Norman frå bandet Smokie, fjerdeplassen i USA.[26] Begge spora kom ut på albumet If You Knew Suzi.... Eit år seinare gav Quatro ut Suzi ... and Other Four Letter Words, men ingen av hennar andre utgjevingar hadde stor suksess i USA. Dette albumet inneheldt hitane «She's in Love with You», som nådde 11. plassen i Storbritannia, «Mama's Boy» (nummer 34), og «I've Never Been in Love» (nummer 56).[29]

Mike Chapman and Dreamland Records[endre | endre wikiteksten]

I 1980, etter at kontrakten til Quatro med Mickie Most hadde gått ut, signerte hun med Chapman's Dreamland Records.[30]:4

Same året gav ho ut albumet Rock Hard. Både albumet og tittelsingelen selde til platinaplate i Australia. «Rock Hard» vart òg brukt i kultfilmen Times Square og vart inkludert på lydsporalbumet. Singelen nådde 11. plassen i Australia, men berre 68. plassen i Storbritannia på grunn av distribusjonsproblem. Det var tydeleg på dette tidspunktet at singelkarrieren byrja å avta. Ein andre singel frå Rock Hard, «Lipstick», vart gjeven ut i februar 1981, men radioen nekta å spela denne då dei hevda at han høyrdest for mykje ut som «Gloria» av Them. Suzi Quatro's Greatest Hits, som kom ut i 1980, nådde fjerdeplassen på dei britiske hitlistene, og vart hennar høgaste hitlistenotering der.[26]

Sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Quatro på scenen i AIS Arena i Canberra i Australia, 2007

Etter at Chapman's Dreamland Records vart nedlagd i 1981, vart Quatro ståande utan plateselskap.[31]

Den siste britiske hitten hennar på ei stund var «Heart of Stone» på slutten av 1982. I 1983 vart det gjeve ut endå ein singel, «Main Attraction». Han klarte ikkje å nå lista, men vart ein del spelt på radio. [26] Ho kommenterte i ein artikkel for Kerrang! i 1983, etter å ha spelt eit vellykka show på Readingfestivalen 27. august, at ho ikkje brydde seg om å vera på listene, men var meir interessert i å gje ut det ho ville. Ho sa at ho starta i 1964, og ikkje vart kjend på ni år. «Eg ville aldri akseptert å ha karrieren min forma av andre menneske ... eg har halde fram å jobba konsekvent sjølv om eg ikkje har vore på listene.» Rundt denne tida spelte Quatro inn eit nytt album som vart skrinlagt fram til 1997, då det vart gjeve ut som Unreleased Emotion. Quatro kom attende ei kort stund for å spela inn to singlar til, «I Go Wild» i 1984, og i 1985 nådde singelen hennar «Tonight I Could Fall in Love»/«Good Girl (Looking for a Bad Time)» 140. plassen på den britiske singellista.[32] Quatro samarbeidde òg med Bronski Beat og medlemmer av The Kinks, Eddie and the Hot Rods og Dr. Feelgood på den Mark Cunningham-produserte coverversjonen av David Bowie-songen «Heroes», gjeve ut året etter som BBC Children in Need i 1986. Quatro gav òg ut ein coverversjon av «Wild Thing» i november 1986, som ein duett med The Troggs-songaren Reg Presley. «Can the Can»/«Devil Gate Drive» vart gjeve ut på nytt i 1987 som singel og nådde nummer 87 på dei britiske hitlistene.[32] Ho var òg del av velgjerdssingelen «Let It Be» for Ferry Aid, som nådde toppen i Storbritannia, 13 år og 26 dagar etter den siste førsteplassen til Quatro i Storbritannia.

I 1989 gav Quatro ut ein førehandsinnspelt akkompagnement for singelen «Baby You're a Star», som vart gjeve ut i Storbritannia, men klarte ikkje å nå salslista. På slutten av 80-talet var det klart at tida med hitsinglar frå Quatro var over, men ho heldt framleis fram karrieren trass i mangel på hitlistesuksess. I løpet av 1990-talet gav Quatro ut fire nye album, sjølv om Unreleased Emotion var spelt inn fleire år tidlegare. What Goes Around – Greatest & Latest kom ut i 1995 og bestod hovudsakleg av eldre hittar som vart spelt inn på nytt; dette vart ein suksess i Danmark. Bortsett frå sjølvhjelpalbumet Free the Butterfly i 1999, tok det ytterlegare 11 år for Quatro å gi ut eit nytt album. Back to the Drive i 2006 viste ein retur til dei hardare rockerøtene til Quatro, snarare enn den glattare stilen frå dei førre albuma hennar. Back to the Drive returnerte òg Quatro til albumlistene verda over – det første albuma hennar som gjorde det sidan Rock Hard på 1980-talet. Back to the Drive produserte òg ein nedlastebar singel «I'll Walk Through the Fire with You». Quatro gav ut In the Spotlight i 2011 med hovudsingelen, «Whatever Love Is». Quatro markerte hennar 50-årsjubileum i musikkbransjen med ein antologi, Girl from Detroit, i 2014 med to nye spor.[33][34]

Rundt 2005 vart det laga ein dokumentar som fortel om livet til Quatro, Naked Under Leather, oppkalla etter ei piratkopiplate frå 1975 innspelt i Japan, regissert av ein tidlegare medlem av The Runaways, Victory Tischler-Blue, men dette har aldri vorte gjeve ut.[35][36] I februar 2006 gav Quatro ut Back to the Drive, produsert av Sweet-gitaristen Andy Scott. Tittelsporet på albumet vart skrive av den tidlegare samarbeidspartnaren hennar, Chapman.[37] I mars 2007 gav Quatro ut ein coverversjon av Eagles-songen «Desperado», etterfølgd av publiseringa av sjølvbiografien hennar, Unzipped.[38] På dette tidspunktet hadde Quatro selt 50 millionar plater.[13]

Quatro på scenen i 2011.

11. juni 2010 hadde var ho hovudattraksjonen på «Girls Night Out» på Isle of Wight-festivalen.[39] Quatro vart òg innlemma i Michigan Rock and roll Legends online Hall of Fame i 2010, etter ei avstemming på nettet.[19]

I august 2011 gav Quatro ut det femtande studioalbumet sitt, In the Spotlight (og singelen «Spotlight»). Dette albumet er ei blanding av nye songar skrivne av Mike Chapman og av henne sjølv, saman med nokre coverversjonar. Ein annan singel frå albumet, «Whatever Love Is», kom så ut. [40] [41] Den 16. november 2011 vart ein musikkvideo (av Tischler-Blue) for sporet « Strict Machine » gitt ut på Suzi Quatro Official YouTube-kanal. Sporet er eit cover av Goldfrapps «Strict Machine», men Quatros versjon inneheld to linjer frå «Can the Can», som refererer til likskapen mellom låtene for dei to songane.[40][41]

I april 2013 opptredde ho i Amerika for første gang på over 30 år, på Detroit Music Awards der ho mottok Distinguished Lifetime Achievement Award, overrekt til henne av systera hennar, Patti.

I 2017 gav Quatro ut det sekstande studioalbumet, akkompagnert av Andy Scott frå Sweet på gitar og Don Powell frå Slade på trommer.[6]

Skodespelar og radiovert[endre | endre wikiteksten]

Quatro er kanskje mest kjent i USA for rolla si som bassisten Leather Tuscadero på TV-showet Happy Days. Produsenten av showet, Garry Marshall, hadde tilbode henne rolla utan å ha ein audition etter å ha sett eit fotografi av henne på soveromsveggen til dottera. Toby Mamis, som fungerte som den amerikanske representanten hennar på den tida, hjelpte til med å mekla avtalen og generera enorm mediemerksemd rundt dette, og løfta profilen til Quatro i heimlandet hennar. Leather var den yngre systera til den tidlegare kjærasten til Fonzie, hot-rod-sjåføren Pinky Tuscadero. Leather leidde eit rockeband saman med hovudpersonen Joanie Cunningham. Karakteren kom tilbake i andre gjesteroller, inkludert ein gang for ein date til ein brorskapsformell med Ralph Malph. Marshall tilbaud Quatro ein eigen Leather Tuscadero-serie, men ho avslo tilbodet og sa at ho ikkje ønskte å bli plassert i bås.[42]

Andre skodespelarroller inkluderer ein episode frå 1982 i den britiske komedie-dramaserien Minder (kalla «Dead Men Do Tell Tales») som Nancy, kjærasten til songaren til Terry (Dennis Waterman).[43] I 1985 spelte ho hovudrolla som ein mentalt forstyrra eks-MI5-agent i Dempsey and Makepeace - «Love you to Death».[44] I februar 2022 gav Quatro eit eksklusivt intervju til Paul Stenning om opptredenane hennar i begge showa.[45]

I 1994 dukka ho opp som sjukepleiar i «Hospital»-episoden av komedien Absolutely Fabulous.[46] ​​Ho vart òg filma i Clive Barker-skrekkfilmen Nightbreed frå 1990 , men studioet kutta ut karakteren hennar.[47] I 2006 framførte Quatro stemma til Rio i Bob the Builder-filmen Built to Be Wild[48] og dukka opp i ein episode av den andre sesongen av Rock School, i Lowestoft. Ho har òg dukka opp i episoden «The Axeman Cometh» av Midsomer Murders i rolla som Mimi Clifton.

Quatro har òg spelt på teater. I 1986 spelte ho Annie Oakley i ein London-produksjon av Annie Get Your Gun [32] og i 1991 spelte ho tittelrolla i ein musikal om livet til skodespelaren Tallulah Bankhead . Med tittelen Tallulah Who? vart denne musikalen skriven av henne og Shirlie Roden, tilpassa frå ei bok av Willie Rushton. Han gjekk frå 14. februar til 9. mars i Hornchurch i England, der det vart marknadsført som «Du vil bli overraska over korleis Tallulah gjorde det, og til kven - og kor ofte!» Showet fekk positive meldingar frå fleirtalet av kritikarane.[49][50]

I nyare tid har Quatro vore vertskap for vekentlege rock and roll-program på BBC Radio 2. Det første fekk tittelen Rockin' with Suzi Q, medan det andre programmet hennar fekk tittelen Wake Up Little Suzi.[51]

Låtskriving[endre | endre wikiteksten]

Ho byrja å skriva songar åleine, og samarbeidde deretter med andre låtskrivarar (som Len Tuckey, Rhiannon Wolfe og Shirley Roden), og skriv no igjen hovudsakleg songar åleine.

Dei tidlege songane ho skreiv sjølv og spelte inn var bevisst avgrensa til albumspor og B-sider til singlane. Ho sa på slutten av 1973, at «... albumspora er ei heilt anna historie enn singlane. Dei to minuttar kommersielle singlane kjem ikkje ut av hjernen min, men er det kjem eg ikkje til å uroa meg over.»[52]

Ho skildra det å laga ein ny song: «Frå å sitja ved pianoet mitt i rommet mitt, skriva ned ein tittel (alltid først), plukka opp bassen min, finna ut sporet, gå tilbake til pianoet ... jobba med teksten, spele elektrisk gitar ... og til slutt skriv eg ut teksten. Først då er det offisielt ein song. Deretter går han ned på det vesle 8-sporet mitt, og eg speler alt sjølv... så inn i studio og vi går derfrå.»[53]:2

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Quatro gifta seg med den mangeårige gitaristen sin, Len Tuckey, i 1976. Dei fekk to barn saman (Laura i 1982 og Richard Leonard i 1984) og vart skilde i 1992. Før 1993 budde Quatro med dei to barna sine i ein herregard i Essex i England som ho og Tuckey kjøpte i 1980.

Ho gifta seg med den tyske konsertarrangøren Rainer Haas i 1993. I 2006 flytta dottera og barnebarnet inn i herregarden igjen.[1] Mot slutten av 2008 flytta barna til Quatro ut av huset og ho la det mellombels ut for sal, og uttalte at ho hadde tomt reir-syndrom. Quatro fortset å bu i Essex og Hamburg, og nokre gangar i Detroit.[54]

Sidan 2011 har ho publisert musikkvideoar på YouTube.[55] Den 31. mars 2012 brekte Quatro høgre kne og venstre handledd medan ho gjekk ombord på eit fly i Kiev i Ukraina, der ho hadde opptredd kvelden før. Ho måtte avlysa opptredenen sin på Detroit Music Awards, der ho skulle bli tatt opp i Detroit Hall of Fame saman med systrene sine, planlagt til 27. april. Dette ville ha vore den første opptredenen hennar i Amerika på over 30 år. Quatro måtte òg legga om andre konsertdatoar, medan nokon vart heilt avlyste.[56]

Haldning[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju frå 2012 vart Quatro spurt om kva ho trudde ho hadde oppnådd for kvinnelege rockarar generelt. Ho svarte: «Før eg gjorde det eg gjorde, hadde vi ikkje plass i rock 'n' roll. Ikkje eigentleg. Du hadde di Grace Slick og alt det der, men det var ikkje det eg gjorde. Eg var den første som vart tatt på alvor som kvinneleg rock 'n' roll-musikar og songar. Det var ikkje gjort før. Eg spelte gutane i deira eige spel. For alle som kom etterpå var det litt lettare, noko som er bra. Det er eg stolt av. Viss eg har ei arv, så er det det. Det er ikkje noko eg tar lett på. Det skulle skje før eller sidan. I 2014 skal eg ha gjort jobben min i 50 år. Det skulle bli gjort av nokon, og eg trur det fall opp til meg å gjera fordi eg ikkje ser på kjønn. Det har eg aldri gjort. Det fell meg ikkje inn om ein 6-fot høg fyr har gjort meg forbanna for ikkje å ordne opp med han. Det er berre sånn eg er. Viss eg ville spela bassolo, fall det meg aldri inn at eg ikkje kunne. Då eg såg Elvis for første gongen då eg var 5, bestemte eg meg for at eg ville vera han, og det fall meg ikkje inn at han var ein kar. Det er derfor det måtte falla på ein som meg.»[57]

I eit intervju frå 1973 sympatiserte Quatro med mange av meiningane som vart gitt uttrykk for av kvinnefrigjeringsrørsla, medan ho tok avstand frå det fordi ho meinte at deltakarane var «... fullstendig hyklersk. Leiarane deira står der oppe og seier: 'Me er individ bla bla bla,' og likevel er dei alle i ei gruppe som følgjer etter som sauer. For meg kan eg ikkje setja dei to saman ... eg snakkar om massane som følgjer [leiarane i rørsla som får pressemerksemd] og som ikkje har noko å seia i det heile. Det gjev det heile eit veldig falskt lys. Eg håper dei kan finna ein måte å bruka det på i sine eigne liv, fordi gruppering tar bort heile ideen om kvinnefrigjering.» [52]

Intervjuaren, Charles Shaar Murray, såg på synspunktet hennar som «... noko unormalt, fordi med mindre den aktuelle kvinna tilfeldigvis er godt kjent, har ho ingen måte å la folk høyra henne med mindre ho sameinar seg med andre kvinner og deretter vel ein talsmann.» Han la òg merke til den tilsynelatande motsetninga at Quatro verka stolt over at jenter skreiv til henne og sa at dei etterlikna utsjånaden hennar og haldninga hennar.[52] I 1974 meinte Quatro at, i motsetning til menn, var kvinner belasta med emosjonelle reaksjonar og at det var vanskelegare for dei å lykkast i musikkindustrien fordi dei er meir utsett for sjalusi og dermed har kvinnelege publikummarar ein tendens til ikkje å kjøpa innspelingane av kvinnelege artistar.[58] Den uvanlege frie bruken hennar av banneord i samtale vart ofte plukka opp av intervjuarar på 1970-talet,[58] som har vore hennar vesle vekst og guteaktige natur. I 1974 sa Philip Norman «Av alle kvinnelege rockesongarar verkar ho som den mest frigjorde: ei lita jente som leiar ei allemannsgruppe der ho sjølv speler bassgitar. Imaget er av ein tomboy, langhåra, strambunna og (to gangar) tatovert; ein rockar, ein rugar, ein einar, ein knivberar; ein helveteskatt, ein villkatt, eit stormbarn, flyktning frå den redde byen Detroit.»[9]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2020 vart Quatro tildelt Icon Award av Women's International Music Network.[59]

I 2011 vart Quatro innlemma i Michigan Rock and roll Legends Hall of Fame.[60]

I oktober 2016 mottok Quatro ein æresdoktorgrad i musikk frå Anglia Ruskin University i Cambridge i Storbritannia saman med Wilko Johnson frå Dr. Feelgood.[61]

15. august 2019 hadde ein australsk-laga film om livet til Quatro premiere i Melbourne i Victoria. «Suzi Q» er kjent som den første offisielle dokumentaren som nokon gong vart utgjeve om henne. Han vart av Quatro skildra som eit innblikk i karrieren hennar med «vorter og alt», med fokus på både suksessane og utfordringane som vart møtt undervegs, spesielt då ho forlét systrene sine i Detroit for å satsa på ein solokarriere i London. Quatro uttalte at ho vart tiltrekt av å få den Melbourne-baserte regissøren Liam Firmager til å laga filmen, «For sjølv om han likte musikken min, var han ikkje spesielt «fan», noko som betydde at han var objektiv, og ikkje ville bruka all tida si på å fortelja meg kor flott eg er... Eg liker det, han var den rette fyren for jobben».

I april 2009 valde BBC TV Quatro som ein av tolv Dronningar av britisk pop.[62]

Bravo Otto[endre | endre wikiteksten]

Bravo er det største magasinet for tenåringar i det tysktalande Europa . Kvart år vel lesarane av dette magasinet ut Bravo Otto-prisvinnarane.

Quatro har vunne følgjande Bravo Otto-prisar: [64]

  • 1973 Gull for kvinneleg songar
  • 1974 Gull for kvinneleg songar
  • 1975 Bronse for kvinneleg songar
  • 1978 Bronse for kvinneleg songar
  • 1979 Bronse for kvinneleg songar
  • 1980 Sølv for kvinneleg songar

Ettermæle og innverknad[endre | endre wikiteksten]

Synspunkt frå journalistar og kritikarar[endre | endre wikiteksten]

I august 1974 oppdaga Simon Frith eit problem med formelen som fungerte utanfor USA, og sa at «Suzi står overfor litt av ein [kommersiell] krise: Chinn og Chapman, etter å ha bevist poenget sitt, mistar interessa for henne. Ho har aldri hatt det beste materialet deira (dei speler ikkje mange spel med henne) og kvar enkelt av singlane hennar har vore mindre gripande enn den forrige. Med mindre dei plutseleg innbiller seg ein ny vits, står ho i fare for å sleppa ut, og ho manglar ressursar til å slå tilbake. Ingen av hennar eigne musikalske talent har vore nødvendig, og derfor har dei vorte ignorerte (bortsett frå på bortkasta B-sider), og medan Sweet og Mud har historia si og seg sjølv å henta støtte frå, har notida til Suzi ikkje noko med fortida hennar å gjera og gruppa hennar vart danna berre for å spela Chinnichap-musikk. Mud kan bli ein flott kabaret-akt og Sweet ei respektert rockegruppe, men Suzi vil berre vera eit minne. Mickie Most sine evner på 60-talet skulle laga popmusikk av britisk blues og R&B og folk; Chinn og Chapman sine evner på 70-talet har vore å laga popmusikk av eit publikum. Etter kvart som dette publikummet eldast og endrar seg, vil musikken òg gjere det, og Suzi Quatro vil berre ha vore ein kjærleg del av oppveksten.»[21]

I 1983 skreiv journalisten Tom Hibbert at Quatro kan ha overvurdert rolla hennar som eit leiande lys blant kvinnelege rockemusikarar. Han sa «... det var i kjølvatnet av punkrevolusjonen i 1977 at tradisjonane innan rock vart snudd på hovudet og kvinnelege musikarar verkeleg kom i forgrunnen. Men Suzi Quatro hadde i det minste stilt ei utfordring til den mannsdominerte rocke-ortodoksien, med sine tomboy-snerr, bassgitaren sin og sine trampande overbevisande tenåringslåtar. På scena på åttitalet formidla Quatro framleis energi og spenning - og ho mangla framleis klasse.»[63]

Synspunkt frå akademikarar[endre | endre wikiteksten]

I ein artikkel frå 2008, «Suzi Quatro: A prototype in the archeology of rock», skreiv Frank Oglesbee at «Rockemusikkens opprør var i stor grad eit mannleg opprør; kvinnene - ofte, på 1950- og 60-talet, jenter i tenåra - song vanlegvis songar i rocken som personar heilt avhengig av sine macho-kjærastar». Han skildra Quatro som «ein kvinneleg rockepioner, på nokre måtar den kvinnelege rockepioneren ... ein hjørnestein i rockens arkeologi.» Han sa at ho voks opp til å bli «den første kvinnelege solosongaren og bassisten, ei elektrisk kvinne, som song og spelte like fritt som hannane, og inspirerte andre kvinner.»[64]

Philip Auslander seier at «Sjølv om det var mange kvinner i rock på slutten av 1960-talet, opptredde dei fleste berre som songarar, ein tradisjonelt feminin posisjon i populærmusikken». Sjølv om nokre kvinner (som Quatro sjølv) spelte instrument i amerikanske garasjerockeband med berre kvinner, oppnådde ingen av desse banda meir enn regional suksess. Så dei «gav ikkje levedyktige malar for den pågåande deltakinga blant kvinner i rock».[24]:2–3 Då Quatro dukka opp i 1973, «jobba ingen annan framtredande kvinneleg musikar i rock samtidig som songar, instrumentalist, låtskriver og bandleiar».[24]:2–3 Auslander legg til at Quatro i 2000 såg på seg sjølv som «å sparka ned den mannlege døra i rock and roll og bevisa at ein kvinneleg musikar ... og dette er eit punkt eg er ekstremt oppteken av ... kunne spela like bra om ikkje betre enn gutane.»[24]:3

Folk og band påverka av Quatro[endre | endre wikiteksten]

Quatro har påverka forskjellige kvinnelege musikarar. Tina Weymouth, som spelte bassgitar i mellom anna Talking Heads og Tom Tom Club, lærte først å spela bass ved å lytta til Quatro-album.[65]

Quatro hadde ein direkte innverknad på The Runaways[66] og Joan Jett,[66] og dessutan Girlschool og Chrissie Hynde.[67] Musikaren Kathy Valentine, mest kjent for arbeidet sitt som bassist for The Go-Go's, siterte Quatro som ein stor innverknad i sjølvbiografien sin frå 2020 All I Ever Wanted.[68]

Det amerikanske indierockebandet Tuscadero frå midten av 1990-talet vart oppkalla etter Happy Days-karakteren til Quatro, Leather Tuscadero, og songen deira «Leather Idol», frå albumet The Pink Album frå 1994, var ein ode til både Quatro og TV-karakteren hennar.[69]

På coveret til den skotske songar-låtkrivaren KT Tunstall-albumet Drastic Fantastic frå 2007, er Tunstall kledd som Quatro, som ein bevisst hyllest.[70]

24. oktober 2013 mottok Quatro Woman of Valor Award frå organisasjonen Musicians for Equal Opportunities for Women (MEOW) for at ho hadde inspirert og påverka generasjonar av kvinnelege musikarar.[71] Prisen vart tildelt av Kathy Valentine (tidlegare frå The Go-Go's) på ein middag til ære for henne i Austin i Texas, på Austin Renaissance Hotel. Quatro framførte fem songar med eit lokalt band som inkluderte systera hennar Patti og Tony Scalzo frå bandet Fastball på «Stumblin In».

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

Quatro i 2017

Musikken til Quatro omfattar fleire sjangrar. Dei primære sjangrane hennar er hardrock[72] og glamrock.[73][74] Akademikeren Philip Auslander skreiv at «ho har dukka opp nokre gangar berre som bassist, ikkje songar, og demonstrerer òg sin instrumentelle dugleik med ein utvida bassgitarsolo på sine eigne konsertar.»[24]:1–2

Med The Pleasure Seekers inkluderte dei musikalske stilane deira og sjangrane powerpop,[75] garasjerock[76] og Motown.[77] Quatro framførte òg musikalar.[78]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Diskografien til Suzi Quatro.


Filmar[endre | endre wikiteksten]

Fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Skodespel
Gjesteartist

Kinofilm[endre | endre wikiteksten]

  • Bob the Builder – Built to Be Wild (stemma til Rio Rogers, 2002)
  • Suzi Q (seg sjølv) 2019 Palstar Entertainment (regissert av Liam Firmager)[83]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Quatro, Suzi (2008) [2007]. Unzipped. London: Hodder & Stoughton. s. 334–335. ISBN 978-0-340-93751-8. 
  2. 2,0 2,1 Colin Larkin, red. (1992). The Guinness Encyclopedia of Popular Music (First utg.). Guinness Publishing. s. 2020. ISBN 0-85112-939-0. 
  3. Pukas, Anna (25. juli 2013). «Suzi Quatro: the original rock chick». Daily Express. 
  4. «Interview with the queen of 1970s rock 'n' roll and Happy Days star Suzi Quatro». The-shortlisted.co.uk (på engelsk). 8. mars 2021. Henta 11. oktober 2021. 
  5. Andy Thorley (27. mars 2019). «REVIEW: SUZI QUATRO - NO CONTROL (2019)». Maximumvolumemusic.com (på engelsk). Henta 14. april 2022. 
  6. 6,0 6,1 Everett True (6. september 2017). «Suzi Quatro – Legend album review». Louder Sound. Henta 14. april 2022. 
  7. Jack Lloyd. «Image is Tough for Suzi Quatro.» Lexington (KY) Herald, 25. april 1974, p. 20.
  8. Quatro, Suzi (2008) [2007]. Unzipped. London: Hodder & Stoughton. s. 10. ISBN 978-0-340-93751-8. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 9,7 Norman, Philip (1974). «Suzi Quatro: The Girl in the Gang». The Sunday Times.  (krev abonnement)
  10. «Sherilyn Fenn». Filmreference.com. Henta 14. april 2022. 
  11. Anderman, Joan (20. april 2007). «Rocking the Boat». Boston Globe. 
  12. «Michael». Quatrophonic.com. Arkivert frå originalen 15. juli 2011. Henta 14. april 2022. 
  13. 13,0 13,1 13,2 Jeffries, Stuart (2. august 2007). «'I'm kinda different'». The Guardian (London). Henta 14. april 2022. 
  14. 14,0 14,1 14,2 Mal:Cite podcast
  15. «Glycerine queen, forever!». metrotimes.com. Arkivert frå originalen 26. januar 2013. Henta 14. april 2022. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 16,5 «Quatro, Suzi». Encyclopedia of Popular Music. Oxford Music Online. 7. april 2006. Henta 14. april 2022.  (krev abonnement)
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 17,4 «Quatro, Suzi». Gale Musician Profiles. Henta January 1, 2011. 
  18. Moser, Margaret. «The Pleasure Seekers: Patti and the Quatro Band.» The Austin Chronicele. Fri. 29. juli 2011. [1]
  19. 19,0 19,1 19,2 «Michigan Rock and Roll Legends – SUZI QUATRO». Michigan, United States: Michigan Rock and Roll Legends. Henta 14. april 2022. 
  20. 20,0 20,1 Betrock, Alan (March 1974). «Suzi Quatro: Suzi Quatro». Phonograph Record.  (krev abonnement)
  21. 21,0 21,1 Frith, Simon (August 1974). «Suzi Quatro in England». Phonograph Record.  (krev abonnement)
  22. Stewart, Tony (2. juni 1973). «This Is Suzi Quatro. She's Heavy». NME.  (krev abonnement)
  23. Byrne, Alan (2006). Thin Lizzy. SAF Publishing. s. 48, 51. ISBN 978-0-946719-81-5. 
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 24,4 Auslander, Philip (28. januar 2004). «I Wanna Be Your Man: Suzi Quatro's musical androgyny» (PDF). Popular Music 23 (1): 1–16. doi:10.1017/S0261143004000030. Arkivert frå originalen (PDF) 24. mai 2013. Henta 25. april 2012. 
  25. 25,0 25,1 Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 334–335, 349. ISBN 978-0-214-20512-5. 
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 Strong (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 785–786. ISBN 978-1-84195-017-4. 
  27. Shaw, Greg (6. juni 1974). «Suzi Quatro: Suzi Quatro». Rolling Stone. 
  28. Plummer, Mark (9. juni 1973). «Silverhead Savage». Melody Maker.  (krev abonnement)
  29. «Suzi Quattro». officialcharts.com. Henta 14. april 2022. 
  30. Hendriks, Phil; Tim Smith (February 2011). Rock Hard (CD booklet). Suzi Quatro. London, Storbritannia: 7T's Records. GLAM CD 126. 
  31. Mal:Discogs label
  32. 32,0 32,1 32,2 «Suzi Quatro Timeline, Gunta Anderson, via Wayback». 20. januar 2008. Arkivert frå originalen 20. januar 2008. Henta 14. april 2022. 
  33. McAllister, Emery. «No. 1 facts and feats from ukcharts.20m.com, Longest Gap Between Number One Hits». Scottsdale, Arizona, United States: ukcharts.20m.com. Henta 14. april 2022. 
  34. Selvin, Joel (7. mars 2004). «All-Star Charity Albums: From Good Cause to the Bargain Bin». San Francisco Chronicle (San Francisco, United States). Henta 14. april 2022. 
  35. Dwyer, Michael (21. mars 2005). «Eternity in Black». The Sunday Herald (Melbourne). 
  36. «Naked Under Leather (2004)». Internet Movie Database. Henta 11. april 2014. 
  37. «Back to the Drive» review/credits, AllMusic
  38. «Suzi Quatro Official website: News». Suziquatro.com. Arkivert frå originalen 14. april 2022. Henta 14. april 2022. 
  39. «Music interview – Suzi Quatro: 'I will retire when I go onstage in my leather suit, turn my back to the audience, shake my ass, and there's silence'» (på engelsk). Henta 14. april 2022. 
  40. Patrick Doonan. «Suzi Quatro News». Suziquatro.com. Arkivert frå originalen 14. april 2022. Henta 14. april 2022. 
  41. O'Brien, Jon. «AllMusic review, Overview». Ann Arbor, USA: AllMusic. Henta 14. april 2022. 
  42. «Suzi Quatro Rocks On!». abc-mallorca.com. 6. mars 2008. Arkivert frå originalen 22. august 2009. Henta 25. januar 2009. 
  43. «Minder (1979) – Season 3, Episode 1: Dead Men Do Tell Tales». San Francisco, USA: tv.com. Henta 24. mai 2012. 
  44. «Dempsey and Makepeace – Season 2, Episode 3: Love You to Death». San Francisco, USA: tv.com. Henta 22. mai 2012. 
  45. Paul Stenning (7. februar 2022). «Episode 9 – Suzi Quatro Interview Pt.1». The Minder Podcast. Henta 14. april 2022. 
  46. «Absolutely Fabulous». BBC America. Arkivert frå originalen 11. mai 2014. Henta 26. juli 2013. 
  47. «NIGHTBREED (1990)». AFI Catalog. Henta 11. november 2020. 
  48. «Bob the Builder: Built to be Wild». Toonhound.com. 8. juli 2006. Henta 14. april 2022. 
  49. «The Queen's Theatre listing of Quatro's performance in Tallulah Who? (via Wayback)». Hornchurch, UK: The Queen's Theatre, Hornchurch. 2003. Arkivert frå originalen 14. april 2022. Henta 14. april 2022. 
  50. «Tallulah Who?». Accrington, UK: The Guide to Musical Theatre. 2012. Henta 14. april 2022. 
  51. «Suzi Quatro homepage». BBC. Henta 14. april 2022. 
  52. 52,0 52,1 52,2 Murray, Charles Shaar (13. oktober 1973). «Suzi Quatro: Quatro Lib». NME.  (krev abonnement)
  53. Quatro, Suzi; Mike Chapman, Holly Knight, Gered Mankowitz, Daryl Smith, Steve Kitchen (2012). In the Dark (CD booklet). Suzi Quatro. London, Storbritannia: Cherry Red Records. CR CDBOX8. 
  54. Sabine Engel (10. desember 2018). «Suzi Quatro: Die Wahl-Hamburgerin bei 90,3». Hamburg Journal (video) (på tysk). NDR. Henta 12. desember 2018. 
  55. Suzi Quatro (21. januar 2011). VideoYouTube.
  56. Lynn & Skip of the Suzi Quatro Official Fan Club (video producer), Suzi Quatro (presenter). (8. april 2012). Suzi Quatro accident - broken wrist & leg.wmv. Suzi Quatro Official. Henta 14. april 2022 – via YouTube. Suzi Quatro filmed today (8th April 2012) at home in Essex. A message to fans about her accident on 31st March in Kyiv while making her return journey following her gig in Kyiv on Friday March 30th 2012. 
  57. Callwood, Brett. «Glycerine queen, forever! – Music – Detroit Metro Times, page 3». Metro Times. Scranton, Pennsylvania, United States. Arkivert frå originalen 14. desember 2013. Henta 22. februar 2013. 
  58. 58,0 58,1 Coon, Caroline (20. juli 1974). «Suzi Quatro & Olivia Newton-John: Dolly Mixture». Melody Maker.  (krev abonnement)
  59. «Previous Honorees». Sherocksawards.com. Henta 14. april 2022. 
  60. «Suzi Quatro». Michigan Rock and Roll Legends. Henta 14. april 2022. 
  61. «Rock legends Wilko Johnson and Suzi Quatro receive honorary degrees in Cambridge». Cambridge News. 19. oktober 2016. Henta 14. april 2022. 
  62. «BBC Queens of British Pop, Episode 1 2009». BBC News. London, UK. Henta 14. april 2022. 
  63. Hibbert, Tom (1983). «The History of Rock: Oh, Suzi Q!!».  (krev abonnement)
  64. Oglesbee, Frank W. (24. juli 2008). «Suzi Quatro: A prototype in the archsheology of rock». Popular Music and Society 23 (2): 29. doi:10.1080/03007769908591731. 
  65. Isola, Gregory. «Tina Talks Heads, Tom Toms, and How to Succeed at Bass Without Really Trying (via Wayback)». San Bruno, CA, USA: bassplayer.com. Arkivert frå originalen 14. april 2022. Henta 14. april 2022. 
  66. 66,0 66,1 Unterberger, Richie. «Suzi Quatro». AllMusic. Henta 14. april 2022. 
  67. «Girlschool interview». photogroupie.com. Henta 14. april 2022. 
  68. «Kathy Valentine of the Go-Go's Reveals All She Ever Wanted». Houstonpress.com. 14. april 2022. 
  69. «Tuscadero – Leather Idol Lyrics». Lyricsmania.com. Henta 4. januar 2017. 
  70. «andPOP Interviews KT Tunstall». Thornhill, Ontario, Canada: andPOP. Arkivert frå originalen 27. mai 2013. Henta 12. august 2012. 
  71. Moser, Margaret (10. april 2013). «Suzi Quatro Coming to Austin: As keynote speaker for October's female-focused MEOW Con – Music». The Austin Chronicle. Henta 14. april 2022. 
  72. Unterberger, Richie. «Suzi Quatro: Music Biography, Credits and Discography: AllMusic». San Francisco, California, USA: AllMusic. Henta 14. april 2022. 
  73. McCormick, Neil (27. juli 2013). «Suzi Quatro interview: 'When I zip up, it just feels like me.'». The Daily Telegraph (London). Arkivert frå originalen 12. januar 2022. Henta 11. april 2014. 
  74. Auslander, Philip (2006). Performing Glam Rock: Gender and Theatricality in Popular Music. University of Michigan Press. s. 195. ISBN 978-0-472-06868-5. 
  75. Shake Some Action – The Ultimate Guide To Power Pop. Shake Some Action – PowerPop. 2007. s. 26. ISBN 978-0-9797714-0-8. 
  76. Angela Smith (10. april 2014). Women Drummers: A History from Rock and Jazz to Blues and Country. Scarecrow Press. s. 75. ISBN 978-0-8108-8835-7. 
  77. Lucy O'Brien (16. oktober 2003). She Bop II: The Definitive History of Women in Rock, Pop and Soul. A&C Black. s. 120. ISBN 978-0-8264-3529-3. 
  78. Giulio D'Agostino (1. januar 2001). Glam Musik: British Glam Music '70 History. iUniverse. s. 129. ISBN 978-0-595-16563-6. 
  79. «Suzi Quatro». Countdownwiki.com. Henta 14. april 2022. 
  80. Suzi Quatro (interviewee) (2011). Suzi Quatro Interview on 4BC Brisbane's News Talks 1116AM (wmv) (Radio broadcast). Brisbane, Australia: Fairfax Radio. Event occurs at 4:09. Henta ein episode. 
  81. «RocKwiz Episode 123 Chris Cheney and Suzi Quatro». sbs.com.au. Australia: Special Broadcasting Service Corporation. 1. oktober 2011. Henta 2. oktober 2011. 
  82. «Spicks and Specks Series 8 Episode 2». www.abc.net.au. Australia: Australian Broadcasting Corporation. 12. februar 2014. 
  83. «Suzi Q». www.suziqmovie.com. Australia: Palstar Entertainment. 15. august 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Suzi Quatro