Sværafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°16′23″N 6°31′10″E Sværafjorden er ein sidefjord til Vetlefjorden og Fjærlandsfjorden på nordsida av Sognefjorden i Balestrand kommune. Fjorden strekkjer seg 2,5 km nordvestover til Sværen.

Fjorden har innløp mellom Farnes i sør og Torsnes i nord. Grenda Dale ligg på sørsida av fjorden og ein veg snor seg opp over fjordsida til Dalsdalen. Farnesholten på 870 moh ligg på sørsida av fjorden, medan Blånipa på 1218 moh ligg på nordsida.

Riksveg 13 går langs heile fjorden.