Sva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Svaberg)
Reinvaska svaberg på øya Kløvningen i Tjøme kommune.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Skuringsstriper frå istida i Moutmarka ved Verdens Ende.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Sva (frå norrønt svað, «glatt stad») eller svaberg er eit bert fjell- eller steinparti. Svaberg vart for det meste danna på slutten av siste istida, då den ofte meir enn tusen meter tjukke innlandsisen som dekte Skandinavia for meir enn ti tusen år sidan, smelta bort på relativt få tiår.

Sva er ikkje slipt og polert av sjølve isen, slik det stundom blir forklart, men derimot av enorme mengder smeltevatn under isen. Dette vatnet var fylt med sand, grus og stein som slipte på fjellet, og danna òg jettegryter. Ofte kom smeltevatnet med enormt trykk ut av opningar i isen, og laga, tildels djupe, smeltevassrenner, som nesten alltid opptrer saman med svaberg.

Korleis overflata på eit sva ser ut vil variere etter korleis kvaliteten og strukturen i fjellet er. Harde djupbergarter som granitt og syenitt kan slipast til jamne og glatte flater, medan metamorfe bergarter blir meir ujamne.

Eit sva har ofte skuringsstriper som viser kva for ein veg isen har rørt seg. I nokre tilfelle kan det vere skuringsstriper i fleire retningar fordi isen skifta rørsleretning mot slutten av istida. Skuringsstripene er laga av stein som var frose fast i sjølve isen, og ikkje av sand- og grusblanda vatn.

Store sva er lett tilgjengelege i kommunane Gjerstad, Nissedal og Drangedal. Bukkesvåna og Kobbersvåna er eit besøk verd. Namnedelen «svå» er fleirtal av «sva» på den lokale dialekten.

Innan fjellklatring bruker ein «sva» om eit glatt fjellparti som er mindre enn 90 grader bratt (loddrett).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«sva» i Nynorskordboka.