Svalbard Rakettskytefelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

78°55′53″N 11°51′01″E / 78.93139°N 11.85028°E / 78.93139; 11.85028

Svalbard Rakettskytefelt vert nytta av byrå som NASA for å skyte opp sonderakettar.

Svalbard Rakettskytefelt (forkorta SvalRak) er utskytingsstasjon for forskingsrakettar ved Ny-ÅlesundSvalbard. Han er eigd og operert av Andøya Rakettskytefelt.

Stasjonen vert driven av Andøya Rakettskytefelt og vart opna 3. november 1997. Investeringane i anlegget var på 7,4 millionar kroner. 20. november 1997 kl 17:30 vart ISBJØRN-1 skoten opp som den første raketten frå stasjonen. Basen har éin oppskytningsrampe med kapasitet til å skyte opp rakettkombinasjonar med vekt opp til 4 tonn. Datanedlasting frå rakettane vert gjort frå mobilt utstyr eller frå SvalSat i Longyearbyen.

Forskinga frå SvalRak er særleg retta mot studium av den øvre polare atmosfæren og fenomen knytt til dagnordlys og polarkløfta. På grunn av plasseringa så langt nord er SvalRak den einaste rakettbasen i veda der ein kan skyte rakettar inn i ein mørk atmosfære midt på dagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]