Hopp til innhald

Svalestjertmåse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svalestjertmåse
Svalestjertmåse
Svalestjertmåse
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av svalestjertmåse
Utbreiinga av svalestjertmåse
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Creagrus
Art: Svalestjertmåse C. furcatus
Vitskapleg namn
Creagrus furcatus

Svalestjertmåse (Creagrus furcatus) er ein medlem av måsefamilien, Laridae. Han er den einaste arten i slekta Creagrus. Svalestjertmåsen lever det meste av livet over ope hav, der han flyg og fangar føde. Dei viktigaste hekkeområda er på Galápagosøyane.

Slektsnamnet kjem frå gresk κρεάγρα, som tyder «kjøt-krok» – ein referanse til det krokforma nebbet hjå arten. Artsnamnet er avleidd frå latin og tyder «to-tinda gaffel», ein referanse til haleforma.[1]

Dette er ein mellomstor måse, 51 til 61 cm i kroppslengd og rundt 700 gram i kroppsmasse. Arten er skildra som den mest særeigne måsearten med gaffelforma hale og sterkt krokforma nebb. I hekketida har vaksne fuglar svart hovud og ein kraftig raud ring av hud rundt auga. Utanfor hekketida er hovudet kvitt og augeringen svart. Brystet er gråkvitt, skulderfjører grå, og vengfjører synlege i flukt er kvite med svarte vengespissar. Nebbet er hovudsakleg svart med ein bleik spiss. Kjønna er like.[2]

Nattleg syn

[endre | endre wikiteksten]

Svalestjertmåsen er den einaste måsen – og den einaste sjøfuglen – i verda som er nattaktiv. Han lever av blekksprut og småfisk som stig til overflata om natta for å beite på plankton. Augo er større enn hjå nokon annan måse, og dei har eit tapetum lucidum, lysreflekterande lag bak netthinna, som aukar lysmengda som treff sanseceller i auga.[3]

Utbreiing og habitat

[endre | endre wikiteksten]

Arten er nesten endemisk til Galápagosøyane, men nokre få par hekkar òg på Malpeloøya utanfor stillehavskysten av Colombia. Når han ikkje hekkar, lever svalestjertmåsen heilt pelagisk, søkjer føde over ope hav og kan røre seg austover mot kystane av Ecuador, Peru og Chile.

Svalestjertmåsen er unik mellom måsar ved å føda seg utelukkande om natta, hovudsakleg på fisk og blekksprut. Om kvelden forlèt fuglane koloniane i store flokkar med mykje skrik og synleg spel.

Lætet skil seg frå andre måsar, og minner meir om krykkja og sabinemåsen. Vanlegast er eit gurglande alarmskrik kalla «rattle-and-whistle», framført medan hovudet svingar frå side til side. Hekking mellom par vert gjerne akkompagnert av eit høgt og raskt «kweek, kweek, kweek».

Svalestjertmåsen hekkar gjennom heile året i koloniar på klipper på Galápagos, stundom på flate område. Reiret er ein liten plattform på klippegrunn, ofte under 10 m over havnivå, bygd av små lavasteinar, kvit korall og piggar frå sjøpiggsvin. Dette hindrar egget i å rulla. Fuglane vender som regel hovudet mot klippa, eit trekk dei deler med andre reint klippehekkande måsar som krykkja. Hoa legg vanlegvis eitt spragla egg per hekkeforsøk.

Svalestjertmåsen er asynkron hekkar, som kan hekke til ulike tider gjennom året, gjerne i syklusar på ni månader. Ruginga varer i 31–34 dagar. Ungen gjer si første flyging etter 60–70 dagar, men vert mata av foreldra i opptil 90 dagar før han forlèt land for å leva pelagisk, ofte saman med vaksne individ.

Det er ikkje gjort sikre estimat av storleiken på populasjonen dei siste åra, men arten er ikkje rekna som truga. Sist bestanden vart vurdert (1984), var han estimert til om lag 35 000 individ.[4]

  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 121,166. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  2. Burger, J.; Gochfeld, M.; Garcia, E.; Kirwan, G. M. (2024). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E.; Medrano, F., red. «Swallow-tailed Gull (Creagrus furcatus), version 1.1». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.swtgul1.01.1.
  3. Hailman, Jack P (1964). «The Galapagos swallow-tailed gull is nocturnal». The Wilson Bulletin (JSTOR): 347––354.
  4. BirdLife International (2018). «Creagrus furcatus». IUCN Red List of Threatened Species 2018. doi:10.2305/IUCN.UK.2018-2.RLTS.T22694493A132556163.en. Henta 3. oktober 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Svalestjertmåse