Svaleurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svaleurt
Svaleurt
Svaleurt
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Ranunculales
Familie: Papaveraceae
Slekt: Chelidonium
Art: Svaleurt C. majus
Vitskapleg namn
Chelidonium majus

Svaleurt (Chelidonium majus) er ein flerårig urt i valmuefamilien.

Planten er som regel 30–60 cm høy, men kan bli høgare. Hann er rikt forgreina, håret og har gul mjølkesaft. Blada er fjørflika med runde avsnitt. Blomane er gule og sit nokre få saman i skjermar. Blomstringstida er mai–august. Frukta er ein linjeforma kapsel, som minnar om skulpen hjå mange arter i krossblomefamilien. Frøa er mørkebrune med kvite elaiosomar. Maur et elaisomane og bidreg til å spreia frøa. Planten inneheld ei rekkje alkaloid og er svært giftig. Han veks på kulturland, brakkmark og i open skog.

Svaleurt har ei tvidelt utbreiing i dei tempererte strøka i den gamle verda. Det vestlege området omfattar heile Europa utanom dei nordlegaste delane, og dessutan Nord-Afrika, Anatolia, Transkaukasia, nordlege Iran og delar av Sibir. I Noreg finst planten spreidd nordover til Trøndelag. Svaleurt finst òg i Kina, Det fjerne austen i Russland, Korea og Japan. Dei austasiatiske plantene har større blomar som er opptil 3,5 cm breie, medan dei europeiske som regel er mindre enn 2,5 cm. Ofte skil ein den austlege forma ut som ei underart, Chelidonium majus subsp. grandiflorum. Svaleurt er naturalisert mange stader i Nord-Amerika.

Mange av stoffa i svaleurt verkar sterkt på kroppen, og han har ei lang historie som medisinplante. Planta blir framleis brukt i urtemedisin og homøopati, særleg mot forstyrringa i lever og galle. Den tradisjonelle nytta av plantesaft på auga mot ulike augeproblem blir sterkt frårådd. Plantn er eit reseptpliktig lækjemiddel i Noreg og må berre brukast innvortes i samråd med kvalifisert personell.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding (1992). Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. s. 126–127. ISBN 82-512-0355-4. 
  • «Svaleurt». Urtekildens planteleksikon. Henta 7. desember 2016. 
  • «Skelört». Den virtuella floran. Henta 7. desember 2016. 
  • «Chelidonium majus». Flora of China. Henta 7. desember 2016. 
  • Svaleurt i Artsdatabanken. Besøkt 17. april 2018.