Svanøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svanøy
Geografi
Norway - Svanøy.PNG
Stad Sunnfjord
Koordinatar 61°29′20″N 05°05′26″EKoordinatar: 61°29′20″N 05°05′26″E
Areal 10,3 km²
Høgaste punkt Vågsfjellet (235 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Demografi
Folketal 94 (2001)
Folketettleik 9,1 /km²

Svanøy er den sørlegaste og frodigaste øya i Flora kommune. Her finn ein planter og tre ein vanlegvis ikkje finn på Vestlandet, til dømes kristtorn.

Historia til øya er mangfaldig og går langt attende i tida. I førre hundreåret var Svanøy det viktigaste senteret i regionen, med stor aktivitet på eksport og skipsfart. Over 100 mann arbeida i kopargruvene, haugianarane var storprodusentar av salt, her vart det bygd skip og drive storgard. Her finn ein eit steinkors reist til ære for Heilag-Olav og ein offerplass frå vikingtida. Namnet Svanøy har øya fått etter biskop Hans Svane som eigde Svanøy Hovudgard 1662–85.