Svandalsflona kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svandalsflona kraftverk
Tekniske data
Plassering Ullensvang, Vestland
Eigar Norsk Hydro og Statkraft
Fallhøgde 217 m
Aggregat Francisturbin
Installasjon 19,5 MW
Årsproduksjon 36 GWh

Svandalsflona kraftverk er eit vasskraftverk i Røldal-Suldal-anlegget. Stasjonen er utsprengt i fjellet inn frå E134 vest for Haukelitunnelen i Ullensvang i Vestland. Kraftverket nyttar eit fall på 227 meter frå reguleringsmagasinet Middyrvatnet (1232-1192 moh). Det er installert ein francisturbin på 19,5 MW, og midlere årsproduksjon er på 36 GWh.

9. mai 2009 omkom to personar under arbeid i ein av tunnelane til kraftverket.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]