Svaneti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Svanetia)
Utsyn få Zuruldi i Svaneti.
Tårn i landsbyen Tsjazjasji.

Svaneti eller Svanetia er ein historisk landsdel i Georgia. Svaneti ligg i den nordvestlege delen av Georgia og er hovudsakleg folkesett av svanarar, ei undergruppe av georgiarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Svaneti ligg i sørsidene av dei sentrale Kaukasusfjella. Det er det høgaste området i Kaukasus som er folkesett. Fire av dei ti høgaste fjelltoppane i Kaukasus ligg i Svaneti. Det høgaste fjellet i Georgia, Sjkhara på 5068 moh., ligg i Øvre Svaneti. Andre høge toppar er Tetnuld (4858 m) og Usjba (4710 m). Usjba, som både har ein sørleg og ein nordleg topp, blir ofte kalla 'Kongen av Kaukasus' på grunn av den særeigne og imponerande forma si.

Svaneti ligg på sørsida av Den store kaukasiske fjellkjeda og breier seg utover dei øvre dalane til elvene Rioni, Enguri og Tskhenistskali. Geografisk og historisk har landsdelen lenge vore delt inn i to – Øvre Svaneti og Nedre Svaneti. Øvre Svaneti tilsvarar i dag Mestia fylke, medan Nedre Svaneti stort sette følgjer grensene til Lentekhi fylke. Øvre Svaneti er i dag administrativt ein del av regionen Mingrelia-Øvre Svaneti (georgisk სამეგრელო-ზემო სვანეთი, Samegrelo-Zemo Svaneti), medan Nedre Svaneti er ein del av regionen Ratsja-Lekhumi-Nedre Svaneti (georgisk რაჭა-ლეჩხუმი და ქვემო სვანეთი, Ratsja-Lekhumi da Kvemo Svaneti).

Historisk omfatta Svaneti også Kodoridalen i det som i dag ligg i regionen Abkhasia og delar av Kuban- og Baksan-dalane i dagens Russland.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Området er kjent for ein særeigen arkitektur, særleg dei svanske tårna, som for det meste blei bygde på 800- til 1100-talet. Fjellbygda Usjgul i Øvre Svaneti er kjend for å vera den høgaste folkesette staden i Kaukasus, og er med sine mange tårnhus teken med på UNESCO si verdsarvliste.

Svansk kultur blir også uttrykt i songar og dansar. Svaneti er mellom anna kjend for sin fleirstemde song.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Trier, Tom & Turashvili, Medea (2007): Resettlement of Ecologically Displaced Persons – Solution of a Problem or Creation of a New? Eco-Migration in Georgia 1981 – 2006. ECMI Monograph #6.