Svangerskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg drekt, same tilstand hjå dyr
Snitt av svanger kvinne.

Svangerskap eller graviditet (latin graviditas) hjå menneske er ein tilstand der kvinner ber befrukta eggceller, kalla embryo eller foster, i kroppen. Dei fleste svangerskap finn stad i livmora etter samleie som har ført til befrukting, og endar ved fødsel gjennom fødselskanalen, men det finst unntak for kvar av desse.

Svangerskap hos menneske varer i rundt 280 dagar eller 40 veker, rekna frå første dagen av siste menstruasjon og fram til fødselen. Ein deler svangerskapet i tre trimester. Dei første 12 vekene, tida der spontanabort er mest vanleg, går med til at embryoet utviklar seg frå ein celleklump til eit foster med menneskeorgan. Det andre trimesteret, fram til veke 28, omfattar vanlegvis tida der mora «føler liv» for første gong. I det tredje trimesteret er fosteret ofte så utvikla at det kan overleva, sjølv ved for tidleg fødsel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Svangerskap
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.