Svangstrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svangstrand er ei strand i Lier kommune. Ho ligg ein kort gåtur ned frp Sylling sentrum og er det inste punktet i Holsfjorden. For folk frå Syllingområdet representerer ho hovudbadeplassen med flytende stupetårn og sandvolleyballbane.

Frå stranda har ein utsikt over Holsfjorden mot nord, og dei tre øyane eit stykke ut i fjorden. På sidene av fjorden, spesielt austsida ruvar fjella. På vestsida er det ein meir moderat stigning, men det er ikkje å rekne som lågland. Sjølv sørover mot Sylling er det krass oppoverbakke - Svangstrandbakken.

Tidlegare låg det ein kai for dampbåten D/S Ringerike som frakta turistar til Sundvolden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]