Svanhild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Markgrevinne Swanhilde eller Swanhilt av Austerrike.

Svanhild er eit kvinnenamn av norrønt opphav, sett saman av svanr, 'svane', og hildr, 'kamp'. Det finst også i andre germanske språkområde som til dømes Schwanhild, Swanhilda og Swanhilde.

Svanhild har norsk namnedag den 13. februar.

Andre former av namnet er Svanhilda, Svanhilde og Sunilda. Den norrøne forma av namnet var Svanhildr. Den islandske forma er Svanhildur, med kortforma Svana. Schwanhild og Swanhild er nokre tyske former.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet har vore i bruk i Noreg på heile 1900-talet, med ein topp rundt 1930, då opptil 0,4 % av jentebarn kunne få namnet. Det var 2 702 norske kvinner som heitte Svanhild i 2009.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Svanhild var dottera til helten Sigurd og Gudrun i Völsungasagaen.

Swanhilda er hovudrollen i balletten Coppélia, opphavleg dansa av Giuseppina Bozzachi og koreografert av Arthur Saint-Léon.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]