Svardalselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svardalselva
elv
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Nedslagsfelt 19,9 km²
Lengd 11,1 km
Middelvassføring 1,50 /s
Kjelde Svardalsvatnet
 - høgd 29 moh.
Munning Brandangersundet
 - høgd moh.
Kart
Svardalselva
61°01′23″N 5°03′14″E / 61.02305556°N 5.05388889°E / 61.02305556; 5.05388889

Svardalselva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Vassdraget ligg heilt vest på fastlandet i Gulen, og drenerer dei sentrale dela av halvøya mellom Brandangersundet i vest, Eidsfjorden i aust og Gulafjorden i nord. Det blir dominert av dei to innsjøane Svardalsvatnet (29 moh) og det nedanforliggande Langevatnet (13 moh). Sjølve Svardalselva renn mellom Svardalsvatnet og Langevatnet, og fortset (under namnet Tverrelva) til Litlevatnet og derfrå vidare til munningen i Brandangersundet ved Eidssaga. Elva er 11,1 km lang rekna frå kjeldene nord for Svardalsvatnet, og har eit nedbørfelt19,9 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 1,50 m³/s.[1]

Landskapet i nedbørfeltet blir dominert av relativt lågtliggande skogs- og myrområde. Det er busetnad og jordbruksområde ved Svardalen, som ligg mellom dei to innsjøane, medan det er sparsamt med busetnad i dei øvre og nedre delane av vassdraget.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Det er organisert fiskekortsal i Svardalsvatnet og Langevatnet.

Fiskebestandane i vassdraget vart på slutten av 1900-talet sterkt skadd som følgje av sur nedbør, og bestanden av røye i begge innsjøane gjekk tapt på 1980-talet trass i gode gyteforhold.[2] Bestanden av aure var overtalig i Svardalsvatnet men god i Langevatnet.[3] Bestanden av aure i Svardalsvatnet vart redusert på 1980-talet og vart i 1988 vurdert som «tynn», medan han i 1997 vart vurdert som «delvis god». Òg i Langevatnet vart bestanden av aure i 1990 vurdert som «god», til trass for at vassdraget var særs surt og hadde høgt innhald av aluminium. Ei forklaring kan vere at både saltinnhaldet og innhaldet av organisk stoff i vassdraget var høgt, noko som truleg bidrog til å redusere giftverknaden av aluminium og hindre salttap.[2] For å bøte på skadane som følgje av forsuringa vart det i 1992 sett i gang bekkekalking ved Svardalsvatnet, medan vatnet vart fullkalka i åra 1994–2002. Kalkinga påverka òg det nedanforliggande Langevatnet, der det i tillegg òg vart gjennomført bekkekalking på 90-talet. Kalkingsprosjektet er no avslutta.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 NVE Atlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat
  2. 2,0 2,1 Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5
  3. Annie Elisabeth Bjørklund, Bjart Are Hellen: Kalkingsplan for Gulen kommune, 1997, s.51, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 286, 1997, ISBN 82-7658-145-5
  4. Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, NINA Rapport 169, s.95, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4