Svarstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svarstad
tettstad
Svarstadovenfra.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Larvik
Areal 0,65 km²
Folketal 634 (2017)
Folketettleik 975 / km²
Postnummer 3275 SVARSTAD
Wikimedia Commons: Svarstad

Svarstad ein tettstad i Larvik kommune i Vestfold fylke. Tettstaden ligg ved Numedalslågen, om lag 46 kilometer nord for kommunesenteret Larvik og 11 kilometer sør for Hvittingfoss i Kongsberg kommune. Svarstad har 634 innbyggjarar per 1. januar 2017 og var administrasjonssenteret i den tidlegare kommunen Lardal.

Den viktigaste næringsverksemda i Svarstad er trevareindustri, mellom anna sagbruk og ferdighusproduksjon. Tettstaden har ein daglegvarebutikk. Utanfor tettstaden ligg Svarstad skisenter, med fem større skibakkar og to mindre retta mot ungar. Sentralt i tettstaden ligg skogfeltet Holemyra som blir brukt til turområde. På Svarstad står Svarstad kyrkje, ei langkyrkje av grovt tømmer frå 1657.

Frå Bommestadkrysset ved europaveg 18 går fylkesveg 40 til og gjennom tettstaden, og vidare til Kongsberg og Geilo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]