Svart katt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svart katt på svart bakgrunn.

Ein svart katt er ein tamkatt med heilsvart pels. Ein slik katt kan vera av ulike typar opphav, han kan tilhøyra ein særskild katterase eller vera ein blandingskatt. Den svarte fargen i pelsen kjem av høgt innhald av pigmentet melanin Svarte kattar er i mange kulturar knytte til overtru og ulike førestillingar som at dei kan gje flaks eller uflaks, at dei er forbundne med mørke krefter og derfor er blitt assosierte med hekser, trollskap, djevelen og liknande.

Svart pels[endre | endre wikiteksten]

Genetikk[endre | endre wikiteksten]

Bombaykatt
Ulike genfaktorar kan gjera at kattar ikkje blir heilt svarte på farge.

Svartfargen i kattepels kjem av melanintypen eumelanin. Genet B (for Brown) kodar for produksjon av enzymet TYRP1, som fører til produksjon av eumelaminpigment. Den dominante varianten av genet gjev svart pelsfarge, medan variantar av genet gjev lysare brunfargar.[1] For å bli heilt svart må katten i tillegg ha eit recessivt gen som hindrar han frå å utvikla agouti- eller villkatt-mønster (aa, non-agouti),[2] og eit recessivt gen for å ikkje utvikla kvite flekkar (s, non-spotted).[3]

Svartfargen kan «rusta» til brunraud i sola. Dette skjer fordi eumelanin kan brytast ned av sollys. Rustinga kan også koma av mangel på tyrosin, som er nødvendig for å laga eumelanin.[3]

Rasar[endre | endre wikiteksten]

Det amerikanske kattelaget The Cat Fanciers' Assosiasjon (CFA) anerkjenner heilsvart pels i standarden til 22 katterasar.[4] Berre rasen bombay er alltid svart.

Kulturell tyding[endre | endre wikiteksten]

Heksa som flyg på kosten sin saman med ein svart katt er eit utbreidd motiv som blir knytt til halloween i USA medan det har vore knytt til påska i delar av Nord-Europa.
Svart katt og heks som utfører eit rituale. Illustrasjon til «Superstitions and Taboos» i Weird Tales frå 1941.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Folketrua kring svarte kattar varierer etter kultur. Kattar generelt hadde ei særstilling i Det gamle Egypt, men fanst også i myter i til dømes gresk og norrøn mytologi.[a] I den europeiske mellomalderen fekk kattar eit dårleg omdøme då dei blei knytte til trollskap og djeveldyrking. I bullen Vox in Rama frå 1233 fordømmer pave Gregor IX djeveldyrking med rituale som mellom anna skulle innebera ein svart katt. Forfølging av kattar følgde, ofte i lag med hekseforfølgingar.[6] Kattar blei knytte til trollskap og djevelen gjennom store delar av det kristne Europa og i dei nordamerikanske koloniane deira.[7] I keltisk mytologi finst ei kattefe, cat sìth, som tek form av ein svart katt.[8]

Ein tilla lenge svarte kattar, eller delar av dei, krefter til å kurera både trollskap og sjukdom. Ei engelsk oppskrift frå 1602 fortel til dømes at ein kan kurera eit fortrolla barn ved å bruka hjartet frå ein svart katt som er sju år gammal og var fødd som den sjuande i kullet sitt. Andre remediar kan bruka hår, hale eller øyre frå ein svart katt. Så seint som i 1893 blei blod frå ein svart katt nemnd som ein måte å kurera utslettsjukdommen erysipelas på.[9] På andre halvdel av 1900-talet blei det rapportert om tru på at det å stryka ein svart katt kunne oppfylla ønske, eller at pelsen frå ein svart katt kunne bringa hell ved bingospel.[10]

Svart katt som bringar lukke eller ulukke[endre | endre wikiteksten]

Nokre stader kan det å ha ein svart katt forbindast med flaks. Å bli vitja av ein svart katt skal etter britisk tradisjon bringa lukke, medan det å jaga han vekk ville innebera ulukke.[11] Litt tilsvarande blei det forbunde med hell å sjå ein svart katt vend mot seg, medan det gav ulukke å sjå ein katt som gjekk eller sat vend bort frå seg.[12] Det blir fortald at Karl I av England sørga over den svarte favorittkatten sin då denne døydde, og meinte at flaksen hans no var over.[13]

Svarte skipskattar har av og til blitt rekna som ekstra lukkebringande. I Scarborough på midten av 1800-talet blei det rapportert at konene til sjøfolk gjerne ville eiga svarte kattar for å sikra at mennene deira kom trygt heim.[14] Det fanst òg førestillingar om at ei kvinne som hadde ein svart katt ville få mange friarar.[15]

I vestleg kulturhistorie har det likevel vore meir utbreidd at den svarte katten er blitt sett som eit vondt jærteikn. I store delar av Europa er den svarte katten eit symbol for ulukke, særleg om han kryssar vegen framfor ein person. Ein sjømann kunne la vera å mønstra på om han møtte ein svart katt på vegen til skipet sitt, og ein gruvearbeidar kunne la vera å gå ned i gruva ein dag ein svart katt kryssa vegen framfor han.[16] I jødisk tradisjon blei det sagt at to menneske truleg kom til å koma i konflikt om ein svart katt gjekk mellom dei.[7] I delar av Tyskland finst ei oppfatting av at om ein katt kryssar vegen frå høgre til venstre er han eit vondt teikn medan om han går andre vegen er det eit godt teikn.[17]

Svarte kattar i moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Plakat om store, mystiske eller «fantom»-kattar i Sussex.
Svart katt på eit gjerde

Sjølv om ein har gått bort frå mykje av overtrua, finst det framleis overtru knytt til svarte kattar i dag, i til dømes USA og Europa.[18] Statistikk viser at svarte kattar sjeldnare blir adopterte frå amerikanske omplasseringssenter enn andre kattar.[19] Det hender òg at svarte kattar blir skadd og plaga, særleg rundt halloween i USA, og det finst vandresoger om at svarte kattar har gått til åtak på og drepe menneske i samband med denne høgtida.[20][21][22][23]

Fleire observasjonar av mystiske store kattar i Storbritannia er av svarte kattar. Dette gjeld til dømes «The Black Beast of Exmoor» i 1983,[24] «Fen Tiger» i Cambridgeshire i 1994.[25] og ein stor svart katt filma ved Banff i Aberdeenshire i juni 2006.[26] Slike kattar er tidvis blitt tolka som panterar eller svarte leopardar[27] eller jaguarar.[28]

Svart katt som anarkistisk symbol[endre | endre wikiteksten]

Den svarte katten som symbol for anarkosyndikalistar.

Sidan 1880-talet har den svarte fargen vore knytt til anarkisme, og ein svarte katt i ein aggressiv positur er blitt brukt som eit anarkistisk symbol, særleg knytt til anarkosyndikalisme. Ein vill streik blir i Amerika ofte kalla for wildcat strike.[29]

Opphavet til bruken av symbolet er uklar, men i ei rettssak i 1918 mot leiarar for Industrial Workers of the World sa Ralph Chaplin, som er blitt omtalt som opphavsmannen til symbolet, at den svarte katten skulle få næringsleiarar til å frykta litt uflaks eller sabotasje.[b]

Litteratur og film[endre | endre wikiteksten]

Théophile Steinlen sin kjende plakat frå 1896 for nattklubben Le Chat noir.
Frimerke frå 1991 med motiv frå Mesteren og Margarita .
Casting for ein svart katt i Los Angeles 1961. Filmstudioet søkte etter ein katt til Roger Corman-filmen Tales of Terror.

Som dårleg omen og knytt til vondskap finst den svarte katten i ei mengd filmar og bøker, særleg innan skrekksjangeren. Velkjende døme er novella «Den svarte katten» frå 1843 av Edgar Allan Poe og filmatiseringar av henne som The Black Cat frå 1934, The Black Cat frå 1941, eller Tales of Terror frå 1962. I Mesteren og Margarita av Mikhail Bulgakov opptrer ein svart katt, Behemot, som følgjesven til professor Woland (Satan).

Den svarte katten har òg blitt knytt til synd, erotikk og natta, og det finst ei mengd nattklubbar, teater og liknande med namn som Le Chat noir i Paris eller Chat Noir i Oslo. Denne koplinga finst òg i film og litteratur, ikkje minst innanfor seriekulturen med døme som Catwoman i Batman, marvelfiguren Black Cat og mangafiguren Black Cat, som alle er kraftfulla, «farlege» og seksualiserte kvinnefigurar. Ein heilt annan type svart katt i seriesamanheng er Katten Felix som opphavleg var ein figur frå animerte kortfilmar i amerikanske stumfilmar skapt i 1919. Han blei ein føregangar for mange andre liknande teikna figurar, som Mikke Mus.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. I gresk mytologi blei Galinthius omskapt til ein katt og send til underverda. I norrørn mytologi blei Frøya si vogn dregen av kattar.[5]
  2. «The idea being to frighten the employer by the mention of the name sabotage, or by putting a black cat somewhere around. You know if you saw a black cat go across your path you would think, if you were superstitious, you are going to have a little bad luck. The idea of sabotage is to use a little black cat on the boss.»[30]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lyons LA, Foe IT, Rah HC, Grahn RA (May 2005). «Chocolate coated cats: TYRP1 mutations for brown color in domestic cats». Mammalian Genome 16 (5): 356–66. PMID 16104383. doi:10.1007/s00335-004-2455-4. 
  2. «Cat Colors FAQ: Common Colors». Cat Fanciers Chat (fanciers.com). Arkivert frå originalen 5. oktober 2011. Henta 8. oktober 2011. 
  3. 3,0 3,1 «Why Is My Black Cat "Rusting"?». Paws and Effect. 13. september 2015. Henta 2. mars 2018. 
  4. Hackett, Stacy N. «Black Cat Breeds and History». CatChannel.com. Arkivert frå originalen 6. september 2015. 
  5. https://www.ancient.eu/article/1387/cats-in-the-middle-ages/
  6. «Cats in the Middle Ages», Ancient History Encyclopedia, henta 25. oktober 2019 
  7. 7,0 7,1 Miller, Mary Ann. «The Mystique Behind Black Cats». The Cat Site.com. Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 26. september 2011. 
  8. MacKillop, James (2004). «cat sìth». A Dictionary of Celtic Mythology. Oxford University Press. 
  9. Opie, Iona; Moira Tatem (1996). «CAT, black: cures». A Dictionary of Superstitions. Oxford University Press. 
  10. Opie, Iona; Moira Tatem (1996). «CAT, black: lucky to touch». A Dictionary of Superstitions. Oxford University Press. 
  11. Opie, Iona; Moira Tatem (1996). «CAT, black: visit from». A Dictionary of Superstitions. Oxford University Press. 
  12. Opie, Iona; Moira Tatem (1996). «CAT, black: seeing back of». A Dictionary of Superstitions. Oxford University Press. 
  13. Parkinson, Ann. «Black Cats». Love To Know Cats. Arkivert frå originalen 9. oktober 2011. Henta 9. oktober 2011. 
  14. Opie, Iona; Moira Tatem (1996). «CAT, black: lucky to possess». A Dictionary of Superstitions. Oxford University Press. 
  15. «Black Cat Myths». PetSide.com. Arkivert frå originalen 9. oktober 2011. Henta 29. november 2009. 
  16. Opie, Iona; Moira Tatem (1996). «CAT, black: meeting». A Dictionary of Superstitions. Oxford University Press. 
  17. «Black Cats... Do black cats mean good luck or bad luck for you?». Best-Cat-Art.com. Arkivert frå originalen 9. oktober 2011. Henta 9. oktober 2011. 
  18. Gunnar Olof Hyltén-Cavallius (1863-1868) Necken, ur: Wärend och wirdarne : ett försök i svensk ethnologi, vol.1, sid:261
  19. Lepper, Merry. «Prediction of adoption versus euthanasia among dogs and cats in a California animal shelter» (PDF). School of Veterinary Medicine University of California. Arkivert frå originalen (PDF) 25. september 2006. 
  20. Rodriguez, Rachel. «To be a black cat on Halloween». CNN. Arkivert frå originalen 31. oktober 2014. 
  21. Mikkelson, Barbara. «Cat o'Nine Tales». Snopes.com. Arkivert frå originalen 9. oktober 2011. Henta 8. oktober 2011. 
  22. «The truth about black cats and Halloween». Arkivert frå originalen 25. september 2011. Henta 10. oktober 2010. 
  23. «Humane Society refuses black cat adoption during Halloween season». dailytoreador.com. Arkivert frå originalen 5. november 2011. Henta 26. oktober 2011. 
  24. Simpson, Jacqueline; Steve Roud (2003). «alien big cats». A Dictionary of English Folklore. Oxford University Press. 
  25. Osborne, Chris (3 April 2008). «On the Tail of the Tiger». BBC Cambridgeshire. Henta 31 May 2012. 
  26. Morse, Felicity (27 August 2012). «Big Cat Sightings: From the Beast of Bodmin to Coulport Cougar, Five Other Cat Tales». Huffington Post (UK). Arkivert frå originalen 25 April 2016. Henta 16 February 2014. 
  27. «'Black leopard' caught on film in Stroud». The Daily Telegraph. 7 February 2012. Arkivert frå originalen 20 May 2014. Henta 14 April 2014. 
  28. Crawford, Graham (7 December 2011). «Family encounters big cat in the woods». Banffshire Journal. Arkivert frå originalen 7 April 2014. Henta 6 April 2014. 
  29. «IWW Union Dictionary and Glossary». Industrial Workers of the World. Arkivert frå originalen 9. oktober 2011. Henta 9. oktober 2011. 
  30. Salerno, Salvatore (1989). Red November, Black November: Culture and Community in the Industrial Workers of the World. Albany, New York: SUNY Press. s. 178. ISBN 0-7914-0089-1.  from U.S. v. W.D. Haywood, et al., testimony of Ralph Chaplin, July 19, 1918, IWW Collection, Box 112, Folder 7, s. 7702 & 7711, Labor History Archive, Wayne State University