Svarte-Mathilda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Svarte-Mathilda er ein figur i ei vandrehistorie som minner mykje om historia om Bloody Mary. Eit demonisk vesen som gøymer seg i spegelen, og kan manast fram ved å seie namnet hennar eit visst tal gonger, som oftast sju, sjølv om nokre variantar av historia seier tre, eller til og med hundre gonger. Svarte-Mathilda vil straks bli dregen tilbake i spegelen etter ho har drepe den som ytra namnet hennar. Skulle offeret sleppe unna eller overleve angrepet, er Svarte-Mathilda i prinsippet fri til å vandra rundt i den verkelege verda.

Vandrehistoria om Svarte-Mathilda har ukjent opphav, men har blitt gjort kjent gjennom ungdomsbøkene Svarte-Mathilda I, II og III, skrivne av Tor Arve Røssland. Bok nummer 1 og 3 blei nominert til Uprisen - ungdommens eigen litteraturpris.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!