Svartehavsmåse
| Svartehavsmåse | |
Svartehavsmåse | |
| Utbreiing | |
Utbreiinga av Svartehavsmåse | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
| Familie: | Måsefamilien Laridae |
| Slekt: | Ichthyaetus |
| Art: | Svartehavsmåse I. melanocephalus |
| Vitskapleg namn | |
| Ichthyaetus melanocephalus | |
Svartehavsmåse (Ichthyaetus melanocephalus) er ein liten art i måsefamilien som hekkar i svartehavsregionen og spreitt over store delar av Europa.
Det vitskaplege namnet kjem frå gresk ἰχθύς (ikhthús), som betyr «fisk», og ἀετός (aetós), som betyr «ørn».[1] Artsnamnet melanocephalus kjem av melas, «svart» og -kephalos, «hovud».[1]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Svartehavsmåsen er noko større og kraftigare enn hettemåse (Chroicocephalus ridibundus), med eit tyngre nebb og lengre, mørkare bein. Kroppslengda er 36–38 cm og kroppsmassen 215–350 gram. Den vaksne fuglen i hekkedrakt er ein særmerkt kvit måse, med svært lys grå mantel og venger og kvite armsvingfjørene utan svarte spissar. Den svarte hetta strekkjer seg nedover nakken og viser tydelege kvite bogar rundt auga. Nebbet er mørkeraudt, rettsidig og spist, med eit svart band nær spissen.
Utanfor hekkesesongen er hetta reduserte til ei mørk, maskeliknande stripe over og gjennom auga. Arten brukar to år på å bli fullt utvaksen. Ungfuglar i første leveår har eit svart endeband på stjerten og meir svarte felt på oversida av vengene, men bleikare undersider.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Svartehavsmåsen hekkar nesten berre i den vestlege delen av Palearktis, særleg i svartehavsregionen og i Sentral-Anatolia. Arten hekkar òg i fleire område i Sør-Europa og har utvida utbreiinga si kraftig dei siste tiåra.
Tidlegare var arten avgrensa til Svartehavet og det austlege Middelhavet, men han finst no over store delar av Europa, heilt til Storbritannia og Irland. I 2008 vart det registrert 543–592 hekkande par på 37 lokalitetar i Storbritannia, og i Skottland hekkar arten for første gong i 2023. I Irland er hekkefunn gjort i minst fire grevskap. Arten hekkar òg i Belgia, Nederland, Danmark, Sverige, Estland, Sveits, Tsjekkia, Ungarn og fleire land på Balkanhalvøya. Han er ein sjeldan streiffugl i Noreg, både vår og haust.
Om vinteren flyttar fuglane til kystane ved Middelhavet og Atlanterhavet.
Åtferd
[endre | endre wikiteksten]Svartehavsmåsen hekkar i koloniar i store takrøyrbelte, våtmarker eller på holmar i innsjøar. Der populasjonen er liten, hekkar arten ofte saman med hettemåse. Som dei fleste måsar er han svært sosial utanom hekketida og samlar seg i store flokkar ved næringssøk og nattero. Arten er ikkje pelagisk og blir sjeldan sett langt til havs.
Føda er variert og viser at arten er ein opportunistisk altetar. I hekkesesongen hovudsakleg insekt supplert med sniglar, meitemakk, egg, fugleungar, litt fisk og kadaver. Under trekket og vinterstid er dietten meir dominert av fisk og blautdyr.
Svartehavsmåsen er ein støyande fugl, særleg i hekkekoloniane, der han lagar eit nasalt, jamrande «jeah»-rop.[1]
Status
[endre | endre wikiteksten]Storleiken på populasjonen i Europa er estimert til å ligge i området 118 000-328 000 modne par per 2015. Bestanden er minkande, men Verdas naturvernunion IUCN, klassifierer arten som livskraftig, LC.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Mediterranean gull» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2025
- Referansar
- 1 2 3 Burger, J.; Gochfeld, M.; Garcia, E. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E. (red.). «Mediterranean Gull (Ichthyaetus melanocephalus), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.medgul1.01.
- ↑ BirdLife International (2019). «Larus melanocephalus». IUCN Red List of Threatened Species. 2019. doi:10.2305/IUCN.UK.2019-3.RLTS.T22694443A154572305.en. Henta 13.10.2025.
{{cite journal}}: Check date values in:|access-date=(hjelp)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Svensson, Lars (2004). Gyldendals store fugleguide. Oslo: Gyldendal fakta. s. 172. ISBN 8205329869.
- (no) Svartehavsmåse hos Artsdatabanken
- (en) Svartehavsmåse i Catalogue of Life
- (en) Svartehavsmåse i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Svartehavsmåse hos Dyntaxa
- (en) Svartehavsmåse hos Fauna Europaea
- (en) Svartehavsmåse hos ITIS
- (en) Svartehavsmåse hos NCBI
- (en) Kategori:Ichthyaetus melanocephalus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Ichthyaetus melanocephalus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Ichthyaetus melanocephalus – detaljert informasjon på Wikispecies