Svarthyll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Svarthyll
Svarthyll
Svarthyll
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Dipsacales
Familie: Moskusurtfamilien Adoxaceae
Slekt: Sambucus
Art: Svarthyll S. nigra
Vitskapleg namn
Sambucus nigra

Svarthyll (Sambucus nigra) er eit lite, lauvfellande tre eller ein stor busk. Det har først grøn og flat bork, med grove porer. Seinare vert han lysegrå, men enno med korkporer. Gammal bork er grå og fura. Knoppane er fiolette. Blada har ovale småblad med saktakka rand. Oversida er mørkegrøn, medan undersida er lysegrøn. Svarthyll blomstrar i juni-juli, og blomane sit samla i flate halvskjermar. Dei er små og fløytekvite. Lukta er søt og krydra. Frukta er bæraktige steinfrukter.

Ikkje-synlege trekk[endre | endre wikiteksten]

Svarthyllen er snøggveksande, toler skugge, frost, salt og ein del vind. Rotnettet består av tjukke, berre svakt forgreina, vidt utbreidde røter. Dei vert lett kjent att på lukta.

Greinene har tjukk, kvit marg, som på gamle greiner svinn bort og etterlèt eit holrom.

Strukturformel for Sambunigrin

Svarhyllens blad, bork og røter inneheld ei gift, sambunigrin, som i kontakt med vatn avsondrar blåsyre. Ved kokning splittrast sambunigrin og gifteffekta forsvinn. Umodne bær og frø i modne bær inneheld gifta, og dette gjer at bæra ikkje bør etast rå. Gifta høyrer til gruppa cyanogeniske glykosider, som finnst hos mange andre vekster òg. Dei umodne svarthyllæra og andre vekstdelar av Svarthyll inneheld òg andre toksiner, framfor alt irriterande saponiner og eteriske oljer som truleg vert øydelagde ved varmehandsaming.

Storleik[endre | endre wikiteksten]

6 × 5 m (50 × 40 cm/år).

Nytte[endre | endre wikiteksten]

Hyllen gror best i frodig, eventuelt litt fuktig jord, men kan òg dyrkast i kalkholdig sandjord. Den toler beskjæring godt. Den eignar seg både til den indre delen av skogbryn, og til lebeplantningar. Det er viktig at ein plantar rett type svarthyll, då dei fleste sjølvsådde svarthyllplanter ikkje er hardføre. Dei modne fruktene er ettertrakta blant fuglar.

Hyll er ei gammal lekjarlante. Avkok av blomane skulle verka feberstillande og svettedrivande, og bæra skulle hjelpa mot kimsjuke og influensa. Blomane vert brukt til hyllblomedrikk, og kan òg etast, til dømes dyppa i tynn deig, frityrsteikt og dryssa med sukker. Bæra vert brukt til saft og suppe. Bæra har høgt innhald av A- og C-vitamin.

I gamle dagar heitte det seg at gudinna Frøya budde i hyllen, og luka ein vekk hyllen ved huset sitt utan å planta ein ny, var det fare for ulukke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!