Svartifoss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svartifoss

Svartifoss er ein foss i Skaftafell nasjonalparkIsland og ein av dei mest populære attraksjonane i parken. Han er omgjeve av svarte lavasøyler, som har gjeve fossen namnet sitt. Dei sekskanta søylene vart forma inn i ein lavastraum som vart avkjølt ekstremt seint, slik at dei vart krystallisert. Liknande lavaformasjonar har ein ved Giant's Causeway i Nord-Irland og på øya Staffa i Skottland.

Fossen fell ned på nokre svært skarpe steinar fordi nye sekskanta søyler bryt av og fell ned raskare enn det fallande vatnet klarer å slite ned dei skarpe kantane.

Desse basaltsøylene har vore til inspirasjon for islandske arkitektar, som Hallgrímskirkja i Reykjavík og Nasjonalteateret.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]