Svartor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svartor


Status i Noreg: LC Livskraftig

Svartor
Svartor

Systematikk
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Fagales
Familie: Betulaceae
Slekt: Alnus
Vitskapleg namn
Alnus glutinosa
Svartor
Namn på andre språk
Svensk Klibbal
Dansk Rød-El
Engelsk Black Alder, European Alder, Common Alder
Tysk Schwarz-Erle
Fransk Aulne glutineux, aulne noir, aulne poisseux
Spansk Aliso común, alno
Russisk Olkha tsjornaja (Ольха чёрная), olkha klejkaja (ольха клейкая), olkha jevropejskaja (ольха европейская)
Alnus glutinosa

Svartor (Alnus glutinosa) er eit tre i bjørkefamilien.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Svartor veks over nesten heile Europa. Berre heilt i sør og heilt i nord er han ikkje å finne. I Noreg veks han langs kysten nord til Snåsa i Nord-Trøndelag. På Austlandet nord til Åsnes. Han veks langs vatn og elvar og på myr med høgt grunnvatn. Svartor er varme-og lyskrevjande.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Svartor skil seg frå gråor ved at barken på eldre tre er mørkare og meir oppsprokken. Blada er blanke, ovale og butte i enden. Som unge er dei kleimute. Han blømer tidleg. Raklane er ofte utspungne før hasselen. Frøa er, liksom på gråor, plasserte i forveda horaklar som liknar på konglar. Dei står ofte på treet over vinteren. Frøa, orenøttene, har luftfylte lister som gjer at dei flyt godt og kan spreiast med vatn. Svartor kan verte ganske store tre. Under gunstige forhold kan han verte 25 - 30 meter høg. Stammediameteren kan verte 50 - 80 cm. Svartortrea vert sjeldan gamle. 100 år er ein vanleg alder. Under visse forhold kan han verte 300 år.

Orerøtene er nitrogenfikserande. Ved hjelp av bakterieknollar kan trea take opp fritt nitrogen frå lufta. Den gode tilgangen på nitrogen er truleg årsak til at ora kan felle lauva medan dei er grøne.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Oreved har vorte rekna som beste materialen til protesar. Han har og vore nytta til å lage treskor av. Dette fordi han er lett og god til å bearbeide med skjerande jarn. I seinare tid har oreveden vorte meir allsidig bukt. Mellom anna vert han brukt til møblar, panel og kjøkkeninnreiing. I styrke og andre mekaniske eigenskapar liknar han mykje på bartre. Han rotnar lett i fuktig miljø. Men er godt haldbar i konstrusjonar som er plassert under vatn.

Veden har eit gylt preg. Han er lett å farge, og vert brukt til å imitere andre treslag som mahogni og palisander. Oreveden eignar seg godt til kjerald for mat og drikke då han ikkje set smak på matvarer. Av same grunn vert han brukt i matboder og spiskammer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bohumil Kucera og Ragnar M. Næss: TRE naturens vakreste råstoff. Oslo 1999. ISBN 82-529-2167-1
  • Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo 1974
  • Knut Fægri: Norges Planter Oslo 1970