Svartstrupejernsporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svartstrupejernsporv
SvartstrupejernsporvTeikning av John Gold
SvartstrupejernsporvTeikning av John Gold
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Jernsporvfamilien Prunellidae
Slekt: Jernsporvar Prunella
Art: Svartstrupejernsporv P. atrogularis
Vitskapleg namn
Prunella atrogularis

Svartstrupejernsporv (Prunella atrogularis) er ein sporvefugl i jernsporvfamilien med eit relativt avgrensa utbreiingsområde i Uralfjella og i fjellområde i vestlege Sentral-Asia med overvintring i sentrale og i sørvestlege Asia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Storleiken på denne arten er som jernsporv, 13 til 14,5 centimeter. Det er variantar av fjørdrakta i populasjonane. I sommardrakta har svartstrupejernsporven eit breitt svart parti over strupen og kinna med lyst mustasjeparti i mellom, svart nebb og krone. Dei har ei brei kvit augebrynstripe som hos nokre fuglar er ho ikkje synlege framføre auget. Utanom hekketida er augebrynstripa brunbeige og strupe-kinn kan vere svakare svartfarga. Brystet og buken er beige med raudskjer og kan ha mørke strekar på flankane. Oversida er matt mørkebrun med flekker. Nebbet er lite og rettpeikande. Kjønna er like.[1]

Denne arten kan leve i karrig, lågt kratt og anna skog, både lauvskog og barskog inkludert einer. I Sentral-Asia kan dei treffast opp til 3000 moh. I vinterkvarteret kan dei leve lågare og i varierte naturtypar. Hekkeområdet er Uralfjella i Russland og i fjellområde i vestlege Sentral-Asia. Overvintring går føre seg i fragmenterte område i frå Kasakhstan til nordlege Iran, i Afghanistan, nordlege delar av Pakistan og India og i vestlege Nepal. Der er òg eit overlappande vinter og sommarområde i austlege Kasakhstan og i tilgrensande naboland i aust.

Svartstrupejernsporvar vil helst ete insekt og anna leddyr, men om vinteren beitar dei ofte på frø, både frå gras og meir urteaktige plantar.

Storleiken på populasjonen er estimert til i mellom 10 og 100 tusen individ. Bestanden er stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig, LC.[2]

Spontant i Noreg

Eit individ av arten er registrert i Hauge i Dalane i november og desember 2013.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hatchwell, B. & de Juana, E. (2020) Black-throated Accentor (Prunella atrogularis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. januar 2020
Referansar
  1. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  2. BirdLife International (2020) Species factsheet: Prunella atrogularis Arkivert 2015-05-11 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 14. januar 2020
  3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 14. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Svartstrupejernsporv