Svartstylteløpar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svartstylteløpar
Svartstylteløpar
Svartstylteløpar
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiinga av Svartstylteløpar
Utbreiinga av Svartstylteløpar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Avosettfamilien Recurvirostridae
Slekt: Stylteløparar Himantopus
Art: Svartstylteløpar H. novaezelandiae
Vitskapleg namn
Himantopus novaezelandiae

Svartstylteløpar (Himantopus novaezelandiae, maori kakī) er ein av dei seks stylteløparartane som er medlem av avosettfamilien, Haematopodidae. Han er kritisk trua og endemisk for New Zealand og finst som hekkefugl i avgrensa område sentralt på Sørøya, somme òg på Nordøya utanom hekketida.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksne svartstylteløparar har ei komplett svart fjørdrakt med noko grønskin, nebbet er òg svart, medan beina er raude og særs lange. Juvenile fuglar har først ei fjørdrakt med kvit framdel av kroppen, hals og hovud. Dei har ein svart flekk rundt auget og nakken er grå. Ungfuglar har dessutan bleik raudfarge på beina. Denne arten er ca. 40 centimeter lang med kroppssvekt på rundt 220 gram.

Dietten består av insekt, dei tar døgnfluger, vårfluger og andre virvellause dyr i vatn. Dei kan supplere med blautdyr og fisk og andre insekt som buksymjarar, Corixidae.

Ein finn hekkande svartstylteløparen avgrensa til Waitaki Valley og i Mackenzie-basenget i Mackenzie District, ein del av indre, sørlege Canterbury. Hekkehabitata er elvesider og små innsjøar, ofte på øyar i innsjøar og nokre gonger i myrområde. Hekkeområdet og overvintringsområdet er mykje det same, men nokre fuglar kan trekke mot estuar på austkysten om vinteren og andre trekker opp til Kaipara og Kawhia Harbour på vestsida av Nordøya.

Svartstylteløparpar hekkar einslege i sitt eiget territorium. Reira er laga av grus eller småstein. Kullet er typisk 4 egg. Begge foreldra tar del i reirbygging og ruging, rugetida er rundt 25 dagar og ungane kan flyge etter ca. 40 dagar. Dei fleste er 3 år når dei blir hekkefuglar, og det eldste kjente individet av fritt levande svartstylteløpar blei over 19 år.

Etter intenst vernearbeid frå 1981 var det totalt over 200 fritt levande individ i august 2009, inklusive 80 utslepte fuglar som var alte opp i fangenskap. Populasjonen er trudd å vere aukande.[1] Svartstylteløparen blei nesten utrydda på grunn av innførte predatorar, drenering av våtmark og dambygging til vasskraftutbygging. Hybridisering med den langt meir talrike arten australstylteløpar er eit anna trugsmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Svartstylteløpar