Svarttopp
Hopp til navigering
Hopp til søk
Svarttopp | |
![]() Svarttopp | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytina |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Snylterotfamilien Orobanchaceae |
Slekt: | Svarttoppslekta Bartsia |
Art: | Svarttopp B. alpina |
Vitskapleg namn | |
Bartsia alpina |
Svarttopp er ei urt i snylterotfamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Arten vart tidlegare rekna til maskeblomsterfamilien.
Svarttopp er ein fleirårig mørkfarga 20 cm høg fjellplante med håra stengel som nedst har tjukke skjelblad. Oppover stengelen er blada motsette og mørkgrøne eller fiolette. Planta har einskilde svartfiolette blomstrar som er 2 cm lange. Frukta er ein eggforma kapsel som er 1 cm lang. Svarttopp blømer kring juni i fuktige enger til fjells.
Planten finst i Noreg frå Jæren til Finnmark. Han er funnen opp til 1960 m i Jotunheimen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Svensk Wikipedia.
- Johannes Lid, Norsk-svensk-finsk flora, Det Norske Samlaget, 1985.