Svartvengspove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svartvengspove

Status i verda: LC Livskraftig

Svartvengspove Foto: Francesco Veronesi
Svartvengspove
Foto: Francesco Veronesi
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Scolopacidae
Slekt: Limosa
Art: L. haemastica
Namn på andre språk
  • Engelsk: Hudsonian Godwit
  • Vitskapleg namn
    Limosa haemastica

    Svartvengspove (Limosa haemastica) er ein vadefugl, og ein av fire medlemmer av slekta Limosa i snipefamilien. Han har utbreiing avgrensa til Amerika. Hekkeområda ligg i Alaska og Canada og elles har denne arten leveområde i sørlegaste Sør-Amerika.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Dette er ein liten spove med storleik omtrent som lappspoven. Kroppslengda ligg i området 36 til 42 centimeter, og kroppsmassen kan variere i området 196 til 436 gram, hofuglane i det øvre området. Nebbet er 8-11 cm, svakt oppbøygd og raudt-oransje med ein mørk tupp. Beina er mørk blågråe. Dei har eit mørkt augestrek med ei lys augebrynstripe over, overgumpen er kvit og halen har mørk overside.[1]

    Vaksne svartvengspovar førekjem elles litt forenkla tre ulike fjørdrakter:

    • Vinterdrakta, eller drakta for fuglar som ikkje hekkar, er lik for begge kjønn. I denne drakta er fuglane jamt lys gråbrune på hovud, hals og på oversida med kvit underside. Nebbasen er meir brun enn i hekkedrakta.
    • Hekkedrakt for hofuglar har lyse, nær kvit kinn og strupe, oversida brun og undersida er nøttebrun, men undersida har kraftige kvite flekker eller tverrstriper. Fjørene på oversida har lyse frynser.
    • Hannfuglar i hekkedrakt presenterer seg langt mørkare enn hofuglar, brystet og undersida er djupt raudleg nøttebrun, mørkt spraglete eller tverrstriper, oversida er mørk brun med lyse flekker.[2]

    Lætet er ofte ein serie toe-wid toe-wid toe-wid, eller berre wid i serie.

    Svartvengspoven hekkar i mange åtskilde lokalitetar i vestlege og sørlege Alaska og frå nordvestlege Canada til Hudsonbukta. Vinterkvarteret er langs atlanterhavskysten frå sørlegaste Brasil sørover til Tierra del Fuego over heile Uruguay, og inn i Paraguay. Dessutan nordover langs stillehavskysten nord til Chiloé-øya. Hekkehabitata er våte marker og små dammar der dei tar insektlarver, biller, sniglar og frø. I Sør-Amerika er habitata våte område nær kystar slik som på avsettingar ved elvemunningar, ved lagunar, overflauma område som rismarker. Her er dietten animalsk og inkluderer skjel og andre blautdyr, børstemark, insekt, men her er òg døme på vegetabilsk føde. Dei beitar ofte ved å vasse og søke med nebbet.

    Ikkje alle omstende ved trekket er kjente,[2] men mange fuglar samlar seg først ved Jamesbukta, og ein trur mange så trekker utan stopp til Sør-Amerika. Somme streiffuglar dukkar opp fåtalige utanfor det normale utbreiingsområdet, slik som på Falklandsøyane, Galapagos og fleire andre meir fjerne stader.[1] I juni 2008 vart eit individ observert på Røstlandet.[3]

    Storleiken på populasjonen er usikker, globalt over 50 000 individ per 2006, og er truleg minkande.[2]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 Chester, Sharon (6. september 2016). The Arctic Guide: Wildlife of the Far North. Princeton University Press. s. 200. ISBN 978-1-4008-6596-3. 
    2. 2,0 2,1 2,2 Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Hudsonian Godwit (Limosa haemastica) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 24. september 2016
    3. Søk på artsobservasjoner.no den 24. september 2016

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Svartvengspove