Sveggøya
Utsjånad
63°06′14″N 07°35′07″E / 63.10389°N 7.58528°E
| Sveggøya | |||
| øy | |||
| Fylke | Møre og Romsdal | ||
|---|---|---|---|
| Kommune | Averøy kommune | ||
| Høgaste punkt | 37 moh. | ||
Sveggøya er ei øy nord i Averøy kommune. Eit smalt sund med vegbru over skil ho frå Averøya i aust.
På vestkysten av øya ligg det gamle fiskeværet Røeggen, som var i drift iallfall frå 1500-talet av. I aust, på begge sider av Sveggesundet, ligg det gamle fiskeværet, no tettstaden, Sveggen, med 297 innbyggjarar (2024).
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]| 1801[1] | 1900[2] |
|---|---|
| 44 | 120 |
Sveggøya var del av Kvernes kommune fram til 1897, så Bremsnes kommune fram til Averøy kommune vart oppretta i 1964.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 1801 for Kvernes prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Bremsnes herred, frå Digitalarkivet
- Endre Holten, Averøy bygdebok bind III, Averøy kulturstyre, 1997