Svein Aaser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svein Aaser
Svein Aaser IMG 5542 2013 C-o-B of Telenor Group.JPG
Fødd7. oktober 1946
FødestadFredrikstad

Svein Aaser (fødd 7. oktober 1946 i Fredrikstad) er ein norsk siviløkonom som var styreleiar for Ski-VM 2011. Han har tidlegare vore konsernleiar for DnB NOR. Aaser er siviløkonom frå Norges Handelshøyskole i Bergen, der han fullførte utdanninga i 1970. Han har òg teke leiarutdanning i Lausanne.

Aaser var konsernsjef i Den norske Bank og DnB NOR frå 1998 til 2006, då han gjekk av for aldersgrensa. Han var tidlegare konsernsjef i Nycomed, Storebrand skade, NORA matprodukt og Stabburet/Norge. Mellom 1992 og 1994 var han president i NHO.

Han har fleire styreverv, mellom anna i selskap dominert av den norske investoren John Fredriksen. Mellom anna er han styreleiar i Marine Harvest og i Aktiv Kapital.