Svein Inge Valvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svein Inge Valvik


Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. september 1956 (67 år)
Bærum kommune
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1988

Svein Inge Valvik (fødd 20. september 1956) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Bærum, som i tida 1977-96 vann ni norske meisterskap i diskoskasting. Til saman tok han 20 NM-medaljar (9-8-3) i øvinga, den siste i sitt 43. år. Han var opphavleg medlem i Stabæk IF, men melde seg i 1975 inn i SK Vidar. Frå 1978 til -85 representerte han IF Kamp/Vestheim og frå 1986 til 2004 IK Tjalve. Sidan 2005 var han medlem i Urædd. I yngre år deltok han nasjonalt også i kulestøyt.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Valvik kasta diskosen 57,54 m i sitt siste år som junior, same året som han reiste til USA, der han dei neste seks åra studerte ved University of Texas i El Paso. Allereie våren 1977 passerte han 60-metersgrensa då han nådde 60,74 m i Provo. Sesongen etter auka han til 62,42 m i Eugene og 1979 fekk han målt 64,42 m, same sesongen støytte han elles kula 18,12 m, hans lengste støyt i den øvinga. I 1980 forbetra han den personlege rekorden til 66,34 m i El Paso.

Fram til 1984 stod Valvik nasjonalt i skuggen av Knut Hjeltnes, også trass i at han våren 1982 slengde diskosen heile 68 meter jamt under eit stemne i mexicanske Juarez den 31. mai, eit resultat i ypparste verdsklasse. Ein skade sette han noko tilbake og det var ikkje før enn i 1985 han kom opp mot sitt tidlegare toppnivå. Åra 1984-86 studerte han ved Lunds universitet i Sverige, og årsbestekasta 1985-86 oppnådde han i Sverige. Han kasta i 1985 67,36 m i Lund og i 1986 66,48 m i Klagshamn.

I juli 1987 var Valvik nær den personlege rekorden då han i finske Alavieska vann ei tevling med eit lengstekast på heile 67,70 m, årsbeste i Noreg. Vel ein månad seinare var Valvik med i sitt fyrste store internasjonale meisterskap, VM i Roma, og deltok så gjennom eit tiår i til saman tre verdsmeisterskap, to sommarleikar og like mange europameisterskap. Bortsett frå EM 1994 i Helsinki, der han vart nummer sju, klarde han ikkje å kvalifisere seg til nokon annan meisterskapsfinale.

Før 1990 hadde Valvik einast vunne to NM-gull i diskokasting, men i åra 1990-96 vann han samtlege norske meisterskap i øvinga. Han tok si tjuande NM-medalje i diskoskast i 1999, nærare 43 år gammal.

Valvik var aktiv til 2011, og så seint som i 2009 hadde han eit diskoskast som målte 54,40 m.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1977: Gullmedalje i diskokasting – 58,84 m, framom Anders Hoff (53,36 m)
  • 1979: Sølvmedalje i diskoskasting – 59,76 m, bak Knut Hjeltnes (64,44 m)
  • 1980: Sølvmedalje i diskoskasting – 62,00 m, og bronsemedalje i kulestøyt – 16,94 m
  • 1982: Sølvmedalje i diskoskasting – 58,44 m, bak Knut Hjeltnes (60,02 m)
  • 1984: Sølvmedalje i diskoskasting – 56,80 m, bak Knut Hjeltnes (64,44 m)
  • 1985: Gullmedalje i diskokasting – 56,30 m, framom Georg Andersen (56,18 m)
  • 1987: Sølvmedalje i diskoskasting – 59,70 m, bak Olav Jenssen (60,18 m)
  • 1988: Bronsemedalje i diskoskasting – 58,52 m
  • 1989: Sølvmedalje i diskoskasting – 60,48 m, bak Knut Hjeltnes (62,10 m)
  • 1990: Gullmedalje i diskokasting – 59,64 m, framom Lars Ola Sundt (59,46 m)
  • 1991: Gullmedalje i diskokasting – 62,60 m, framom Olav Jenssen (58,20 m)
  • 1992: Gullmedalje i diskokasting – 58,96 m, framom Lars Ola Sundt (58,72 m)
  • 1993: Gullmedalje i diskokasting – 58,72 m, framom Lars Ola Sundt (57,40 m)
  • 1994: Gullmedalje i diskokasting – 60,00 m, framom Kjell Ove Hauge (55,48 m)
  • 1995: Gullmedalje i diskokasting – 60,92 m, framom Olav Jenssen (60,06 m)
  • 1996: Gullmedalje i diskoskasting – 59,94 m, framom Knut Hjeltnes (58,94 m)
  • 1997: Bronsemedalje i diskoskasting – 57,74 m
  • 1998: Bronsemedalje i diskoskasting – 57,29 m
  • 1999: Sølvmedalje i diskoskasting – 60,62 m, bak Einar K. Tveita (61,09 m)

Plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Personlege rekordar og årsbeste[endre | endre wikiteksten]

År 1977 1978 1979 1980 1981 1982 1983 1984 1985 1986 1987 1988
Lengde (m) 60,74 62,42 64,42 66,34 60,84 68,00 55,72 63,82 67,36 66,48 67,70 64,30
År 1989 1990 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1989 2000
Lengde (m) 63,88 62,00 63,62 63,54 61,38 63,66 63,50 64,22 60,82 60,36 62,57 61,57

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Valvik har i mange år vore lektor ved Porsgrunn videregående skole i Telemark, der han har undervist i økonomiske fag og idrettsfag.

Han var ei tid gift med syklisten Monica Valen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]