Svein L. Vold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svein L. Vold
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1911
Vik kommune
Død

2012 (101 år)

Svein L. Vold (19112012) var museumsstyrar ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum frå 1944 til 1981, og vart i tillegg den første fylkeskonservatoren i Sogn og Fjordane i 1966.

Vold var fødd i Vik i Sogn. Han kom til Amla som assistent for Gert Falch Heiberg i 1937, og vart leiar av museet då Heiberg døydde i 1944. Svein Vold hadde ikkje formell utdanning utover Examen artium, som han tok på Voss landsgymnas i 1935, men skaffa seg omfattande kunnskapar om historie og folkeliv i Sogn, og om museumsdrift. Hans største bragd som museumsstyrar var å stå for flyttinga av De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum frå den opphavlege lokaliteten i Amla til Vestreim på Kaupangerskogen og gjera det til eit moderne museum. Det fysiske arbeidet med flyttnga tok til på 1970-talet. Eit stort friluftsmuseum vart opparbeidd, ei rekke antikvariske bygningar vart flytta, og i 1980 kunne museet flytta inn i stor, moderne utstillingsbygning. Som fylkeskonservator spelte Vold ei sentral rolle i etableringa av Kystmuseet i Sogn og Fjordane (i Florø) og i arbeidet med å verna det gamle klyngetunet på Otternes i Aurland.

Han fekk Kongens fortenstmedalje i gull i 1988.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Avdem, Anna Jorunn, Engesæter, Aage, Vold Lars Asle: LEVD LIV. Ei soge om sogningane og museet deira. Skald forlag 2009.
  • Engesæter, Aage: Minne og refleksjonar frå eit museumsliv. I Årbok for Sogn,nr 41, 1995.