Svein Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svein Larsen

Fødd19. august 1952 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, redaktør, forretningsdrivande
FarGunnar Alf Larsen

Svein O. Larsen (fødd 19. august 1952) er ein norsk politikar (Ap) og radiogründer. Han var aktiv i oppbygginga av P4, der han frå 1993 til 1999 var redaktør og administrerande direktør.

Larsen har grunnfag i statsvitskap frå Universitetet i Oslo,[1] og vart seinare utdanna frå Norsk Journalistskole.[2] Frå 1976 til 1979 var Larsen informasjonssekretær i Oslo Arbeidarparti, før han frå 1979 til 1981 var politisk sekretær for kyrkje- og undervisingsminister Einar Førde. Frå 1982 til 1988 var Larsen vald sekretær i Oslo Arbeidarparti.[3] Han var òg varamedlem i landsstyret til Arbeidarpartiet.[4] Som sekretær i Oslo Arbeidarparti var Larsen blant anna aktiv i planar om å skape ein nærradiostasjon for partiet i Oslo.[5]

Larsen var viseformann i Vålerengens Idrettsforenings hovudstyre frå 1985 og var klubbformann frå 1986 til 1988.[6][7] Formannstida til Larsen var prega av svak økonomi, og Vålerenga vart i 1987 det fyrste norske idrettslaget som vart sett under administrasjon.[8]

Etter eit par år i Singapore der han jobba for Noregs Eksportråd kom Larsen tilbake til Noreg i 1991, og frå 1992 til 1993 var han formann i Oslo Arbeidarsamfunn.[9][10] Han arbeidde så som dagleg leiar i Radio Hele Norge,[11] og vart òg administrerande direktør og redaktør i P4 Radio Hele Norge når kanalen gjekk i gang med ordinær drift i 1993.[2] Den nye radiokanalen leverte raskt gode resultat, og i 1994 var somme program oppe i 500 000 lyttarar samstundes som P4 hadde eit overskot på fem millionar kroner av ein omsetnad på 75 millionar.[12] Hausten 1996 vart P4 notert på Oslo Børs, og børsverdien til selskapet var då 700 til 800 millionar.[13] Under leiing av Larsen ekspanderte også P4 utanlands, og stod bak radiostasjonar i Sør-Afrika.[14] Larsen gjekk av som leiar ved årsskiftet 1998-99.

På nyåret 2000 var Larsen aktuell som ny leiar for Oslo Arbeidarparti etter Britt Hildeng.[15]

Etter at Larsen gjekk frå P4 selde radiostasjonen seg ut frå Sør-Afrika. Larsen følgde likevel sjølv opp prosjektet, og drog i 2000 nedover for å overta.[16] Frå 2000 til 2003 var han leiar for selskapet Makana Investment, og frå 2003 til 2006 var han radiosjef i P4 Cape Town og P4 Durban.[3] Larsen var òg via selskapet 21st Venture inne på eigarsida i Kanal 24.[17] Frå 2006 til 2008 var han dagleg leiar i 21st Venture.[3]

Frå 2008 har Larsen vore administrerande direktør og redaktør for Radio Metro.[3] Som Radio Metro-sjef har Larsen trekt kulturminister Trond Giske for retten etter et Giske opphevde den tildelte konsesjonen frå Medietilsynet i Oslo-området.[18]

Svein Larsen er son av fylkesmann og stortingsrepresentant Gunnar Alf Larsen.[19]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rødreven». Dagens Næringsliv (27. april 1996)
  2. 2,0 2,1 «Radio Hele Norge på lufta til høsten: Svein Larsen blir toppsjef i P4». Aftenposten Aften (3. mars 1993)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Radioprofilen : Svein Larsen». RadioAssistant.com. 15. desember 2008. Henta 19. januar 2009. 
  4. «Mange nye valgt i Ap.». Aftenposten Morgen (26. mars 1985)
  5. «Godt å slippe makten». VG (16. mars 1984)
  6. «Kjendiser tror på VIF». VG (30. september 1986)
  7. «VIF gjør opp». Aftenposten Morgen (19. november 1986)
  8. «Svein Larsen med tro på VIFs freamtid». NTBtekst (1. desember 1987)
  9. «Larsen nyvalgt leder i Arbeidersamfunnet». Aftenposten Aften (13. mai 1992)
  10. «Ap.s ukjente familiedynasti». Aftenposten Aften (3. mai 1996)
  11. «Vil presse Kleveland om P4». Aftenposten Morgen (22. september 1992)
  12. «Knalltall fra P4». VG (31. desember 1994)
  13. «Flying start for P4 på børs». Dagens Næringsliv (23. september 1996)
  14. «P4 erobrer Sør-Afrika». Dagbladet (31. august 1997)
  15. «Hvem av disse blir ny leder i Oslo Ap.?». Aftenposten Aften (19. januar 2000)
  16. «Larsen til Afrika». Dagens Næringsliv (10. juni 2000)
  17. «Larsen krever endringer i Kanal 24». Aftenposten Aften (25. februar 2004)
  18. «Radio Metro saksøker Giske». e24.no. 4. desember 2008. Henta 19. januar 2009. 
  19. «Friske skudd på politiske familietrær : I mødrenes og fedrenes fotspor ». Aftenposten Morgen (7. mars 1987)