Svein Nestegard
| Svein Nestegard | |
| Fødd | 21. mai 1879 |
| Død |
27. desember 1962 (83 år) |
Svein Olsson Nestegard (21. mai 1879–27. desember 1962) var ein norsk kjøpmann, gardbrukar og nynorskmann frå Hol i Hallingdal.
Nestegard var i yngre år butikkmann i Torpo. Frå 1909 til -18 var han styrar av Hol spareforening (handelslag), seinare styrte han Hagafoss Handel frå 1927 til 1954, ei handelsverksemd han var deleigar i. Jamsides dreiv han farsgarden.
Nestegard gjekk i sit tid ein vinter på Voss folkehøgskule. Han var sidan formann i både ungdomslag og fråhaldslag i heimbygda. Dessutan var han både skipar og formann i Hol mållag og i Buskerud mållag , og i fleire år styremedlem i Noregs Mållag. Nestegard var venstremann, i mange valperiodar aktivt med i kommunestyret og formannskapet i Hol, og jamvel formann i jordstyret og fjellstyret i Hol herad.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958