Svein Olav Agnalt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svein Olav Agnalt

Fødd20. juli 1949 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, journalist, redaktør
VervOrdførar i Skiptvet 2007-
FøregangarOdd-Ingar Widnes
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1977–1981)
  • ordførar i Skiptvet (2007–2019) Sjå dette på Wikidata

Svein Olav Agnalt (fødd 20. juli 1949) er ein norsk lokalpolitikar for Ap som er ordførar i Skiptvet kommune.

Han vart vald inn i kommunestyret fyrste gong i 1971 og har variert politisk erfaring, blant anna frå AUF i Østfold. Han har også vore medlem av fylkestinget i Østfold, medlem av fylkesstyret for Arbeidarpartiet i Østfold og fjerde vararepresentant til Stortinget.[1] Før han vart ordførar i 2007 hadde han også erfaring som varaordførar i tolv år.

Agnalt har bakgrunn som journalist, og byrja å skrive som 20-åring. Frå 1975 til 1978 var han tilsett i NBBL, sidan vart han redaktør av Østfold-Posten i Askim fram til 1985. Fram til han vart ordførar var han tilsett som dagleg leiar i Norsk Dekor AS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Biografi: Svein Olav Agnalt». stortinget.no. Henta 11. november 2011.