Svein Tang Wa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svein Tang Wa
Svein Tang Wa.jpg
Fødd6. april 1946
FødestadStavanger kommune
Død6. august 2021 (75 år)
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somsongar, musikar, gitarist, grafikar, plateartist
PrisarStavanger Aftenblads kulturpris, Stavanger kommunes kulturpris

Svein Tang Wa (6. april 19466. august 2021) er ein norsk trubadur, tekstforfattar, komponist og biletkunstnar frå Stavanger. Tang Wa er utdanna grafiker og har gjeve ut seks musikkalbum. Han har òg bidrege som tekstforfattar og komponist for etablerte rogalandsband som Stavangerensemblet, Vamp og Leif & Kompisane.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tang Wa gav ut det første albumet sitt, Toffa, i 1980. Det hadde tekstar om ein oppdikta stavangergut med same namn. Gunnar Roalkvam stod bak dei fleste tekstene medan Tang Wa skreiv musikken. Tong Wa spelte albumet inn og gav det ut på nytt i 2008 etter at dei opphavlege innspelingane var borte. I 1986 kom Tang Was revy ut. I 1998 gav han ut albumet Hørr gjøken. Albumet inneheld hans eigne songar. Backingbandet på albumet var sett saman av ei rekkje etablerte stavangerartistar og bestod av Reidar Larsen (piano), Arne Skage jr. (gitarar), Johan Egdetveit (trekkspel), Tor Mathisrud (bass) og Stene Osmundsen (trommer). Albumet blei kåra til årets beste norske album av NRK P1 i 1998.

I 1999 sette Tang Wa opp sitt eige barneteater, Ein barnetime, noko som òg resulterte i eit album. På kanten frå 2005 bestod av songar skrivne av Ragnar Bjerkreim til tekst av Gunnar Roalkvam. I 2007 gav han ut Rødast hjarta som er ein oppfølgjar til Hørr gjøken og med fleire av musikarane frå 'albumet.

Tong Wa blei tildelt Stavangers kommunes kulturpris i 2005 og Stavanger Aftenblads kulturpris i 2009.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album
  • Toffa (1980)
  • Tang Wa's revy (1986)
  • Hørr gjøken (1998)
  • Ein barnetime (1999)
  • På kanten (2005)
  • Rødast hjerta (2007)
  • Toffa (2008, nyinnspilt)
  • Perler fra Svein (2017)
Singlar
  • Arbeidsløyså/Om ongane (1979)
  • Tou blå blues (2003)
  • Tidlige solmorning/Nå e det sommar igjen (2005)
  • Kjangsa med armen i gips (2008)

Deltek på[endre | endre wikiteksten]

  • Polydor: Vise og lyrikkfestivalen i Haugesund 1972 (1972)
  • Stavangerensemblet: Kan'ke finna fingen/Vidunderlige nye Stavanger (1978)
  • Stavangerensemblet: Storhaug allé/I byen (1980)
  • Stavangerensemblet: Ta ein kjangs! (1980)
  • Stavangerensemblet: Ska det ver … så ska det ver! (1981)
  • Puls: Blodige strenger (1981)
  • Stavangerensemblet: På bommen (1982)
  • Solo: Gult er kuult (1983)
  • Vamp: Tir n'a Noir (1993)
  • Leif & Kompisane: Kanon Beibi (1993)
  • Vamp: Godmorgen, søster (1993)
  • Leif & Kompisane: Stranddag (1994)
  • Leif & Kompisane: Hvis du har lyst (1995)
  • Leif & Kompisane: Alt eg har igjen (1995)
  • Leif & Kompisane: Baddel (1995)
  • Jens Book-Jenssen: Gledens ambassadør (1995)
  • Arcade: God sommer (1995)
  • Leif & Kompisane: (Eg ska) trega deg igjen (1996)
  • Leif & Kompisane: Det va du så sa hu va så bra (1996)
  • MTG: Takk ska' du ha (1996)
  • Vamp: Folken (1996)
  • Espen Hana & Håkon Berge: Garman & Worse & Co (1997)
  • MTG: Takk ska' du ha II (1998)
  • Vamp: Ei med alt (1999)
  • Leif & Kompisane: Sangar fra 1900-talet (2000)
  • Tønes: Det så e inne i krabben (2000)
  • Frelsesarmeen: De små armane (2001)
  • Løgnaslaget: Utsolgt! (2002)
  • West Audio: Rogasnadder (2003)
  • Qvales ensemble: Grønn (2004)
  • Varmestuens venner: Varmestuen 30 år – 1973–2003 (2004)
  • Leif & Kompisane: Når det holde opp (2005)
  • Leif & Kompisane: Litt av kvert (2005)
  • Artister i Rogaland: Nå e det tid (2005)
  • Siv Langøy: Honninghånd (2005)
  • Tylden & co: Sommer hele året! (2006)
  • West Audio: Ennå ein sommar – Lokalens sommerfavoritter (2007)
  • Varmestuens venner: Varmestuens venner 35 år (2008)
  • McMusic: Sløv i skyggen – den store norske sommerplata (2008)
  • Slagerfabrikken: Rogafest (2008)
  • Oh No!: Mannen som elsket Yngve (2008)
  • Kreftomsorg Rogaland: Uten deg (2008)
  • Jens Book-Jenssen: Det er lov å være bli' (2009)
  • Reidar Larsen: Kom inn te oss (2009)
  • Stavangerensemblet: Samlekasse (2009)
  • Hannes Lekestue: 20 år (2009)
  • Johan Egdetveit, Halvor Folgerø & Britt Synnøve Johansen: Sivle (2009)
  • Leif & Kompisane: Den komplette samlingen (2010)
  • Varmestuens venner: Skuta uden kjøl (2010)
  • Sonovo Mastering: Blåmann 2011 (2011)
  • Varmestuens venner: Takk ska dåkker ha! (2011)
  • Reidar Larsen: Ekko fra Hovigs Hangar, Notodden 7. aug 2010 (2012)
  • Varmestuens venner: Varmestuen 40 år – 1973–2013 (2013)
  • Vamp: To me alt (2013)
  • Varmestuens venner: Varmestuens venner Live (2015)
  • Reidar Larsen: Blåtoner fra bakrommet (2015)
  • MAI/Universal Music: MAI 1973–1983 (2016)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]