Svein Tore Marthinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svein Tore Marthinsen
Fødd 20. juni 1974 (46 år)
Yrke Statsvitar, skribent og valanalytikar

Svein Tore Marthinsen (fødd 20. juni 1974), norsk statsvitar, skribent og valanalytikar. Arbeider med valanalysar og kommentarar om demokratispørsmål og norsk politikk.

Marthinsen skriv fast for Aftenposten (blogg) og Minerva, med mellom anna månadleg analyse av dei politiske meiningsmålingane i Noreg.[1] Ved Stortingsvalet 2009 var han nytta som kommentator og analytikar i mellom anna Nettavisen, VG, Dagbladet og Aftenposten. Han har levert fleire kronikkar og analysar til Verdens Gang, Aftenposten, Bergens Tidende, Adresseavisen, Stavanger Aftenblad og Drammens Tidende.[2]

Marthinsen har hovudfag i statsvitskap frå Universitetet i Oslo[3] og var i perioden 2003-2008 tilknytt UiO med seminarundervisning av bachelorstudentar i kursa Komparativ politikk og Offentlig politikk og administrasjon.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Marthinsen, Svein Tore En empirisk vurdering av partisammensetningen av storting og regjering 1945-2001 i et gjenspeilingsperspektiv. Universitetet i Oslo, 2002.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Faste bidragsytere - Svein Tore Marthinsen». Minerva. Henta 5. oktober 2009. 
  2. Solvik, Bjørn Magne (3. juli 2009). «Redaktøren gjør det godt på bloggkåring». Liberaleren. Henta 5. oktober 2009. 
  3. «En empirisk vurdering av partisammensetningen av storting og regjering 1945-2001 i et gjenspeilingsperspektiv». Digitale utgivelser ved UiO. Universitetet i Oslo. 16. desember 2008. Henta 5. oktober 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]