Sveinbergeitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sveinbergeitt er eit sjeldant, grønt mineral som høyrer til astrofyllitt-gruppa. Mineralet har den kjemiske samansetjinga Ca(Fe2+6Fe3+ )Ti2(Si4O12)2O2(OH)5(H2O)4. Sveinbergitt finst som mørkegrøne lange og prismeforma krystall, som er opp mot 10 mm lange og 0,05 mm tjukke.

Mineralet vart første gongen skildra for verda på material frå ein syenittpegmatitt i larvikitt ved BuerVesterøya i Sandefjord.

Mineralet er gjeve namn etter mineralsamlaren Svein Arne Berge (1949- ) som først fann mineralet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Selbekk, Rune S. (24. september 2012). Sveinbergeitt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/Sveinbergeitt.