Sveiobladet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sveiobladet.net var ei nynorsk nettavis stifta 12. januar 2015 som inneheldt lokale nyheiter frå Sveio. Nettstaden hadde som mål å vera ein stad der alle borgarar av kommunen kunne ytra seg.[1]

Nettavisa var opphavleg skriven på bokmål, og fekk kritikk for å ikkje skrive på nynorsk, som er offisiell målform i Sveio kommune. Etter ei røysting i 2017 der innbyggjarane i Sveio kunne seia meininga si bestemde seg avisa for å gå over til nynorsk frå og med 1. januar 2018.[2]

I mars 2018 vart Sveiobladet lagt ned på grunn av manglande inntekter.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om Sveio Bladet». Sveiobladet.net. Arkivert frå originalen 2018-01-27. Henta 27. juni 2015. 
  2. Daniel DeNiazi (31. desember 2017). «I morgen er Sveiobladet en nynorsk avis». Arkivert frå originalen 2018-01-02. Henta 2. januar 2018. 
  3. Hanne Bottolfsen Dahl (27. januar 2018). «Legger ned lokal nettavis». Haugesunds Avis.