Sveiser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For metallarbeidaren, sjå sveisar.

Sveiser er ei norsk yrkesnemning for ein mannleg fjøsrøktar, altså ein person som står for stellet av husdyr, og svarar stort sett til yrkesnemninga budeie når det gjeld kvinner.

Nemninga «sveiser» kjem av sveitsar, altså folk frå Sveits. Ordet har sitt opphav i at mange sveitsarar kom til Noreg i 1850-åra som lærarar i fjøsstell.