Sveits nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ofenpasset i nasjonalparken

Sveits nasjonalpark (retoromansk: Parc Naziunal Svizzer, italiensk: Parco Nazionale Svizzero, fransk: Parc National Suisse) ligg i kantonen Graubünden i det austlege Sveits. Størstedelen høyrer til kommunen Zernez, mindre delar ligg i S-chanf, Scuol og Val Müstair. Nasjonalparken vart grunnlagt 1. august 1914 og er den eldste nasjonalparken i Alpane og Mellom-Europa.

Munt la Schera

Sveits nasjonalpark breier seg i høgder frå 1400 meter over havet opp til fjelltoppen Piz Pisoc på 3 174 moh. Ein tredel av parkområdet er dekt av skog, 20% av enger og open mark, resten består av vegetasjonsfrie område med berg, stein, snø, is og vatn. Buskfuru er dominerande treslag med 90%, ein fjerdedel av skogen består av daude tre. Berggrunnen er stort sett engadinsk dolomitt og av den grunn ganske turr. Klimatisk høyrer landskapet til subalpinsk sone. Årleg gjennomsnittstemperatur er 0° C, middelnedbøren rundt 1140 mm og talet på soltimar i eit år kringom 1900.

Hundar har ikkje tilgjenge i nasjonalparken, ei heller i band.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]