Sveitsisk franc
Utsjånad
Sveitsisk franc | |||
![]() | |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Delt i | 100 rappen/centimes/centesimi/raps |
Sveitsisk franc[a] er mynteininga i Sveits. Den sveitsiske nasjonalbanken gjev ut setlar og Swissmint gjev ut myntar av mynteininga. Valutakoden etter ISO 4217 er CHF.
1 franc blir delt inn i 100 Rappen (tysk), centimes (fransk), centesimo (italiensk), raps (retoromansk).
Sveitsisk franc er også offisiell valuta i Liechtenstein. I 1980 skreiv dei to landa ein avtale om valutaunion.[1]
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Tysk eintal og fleirtal Franken; fransk franc, fleirtal francs; italiensk franco, fleirtal franchi; retoromansk franc, fleirtal francs.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Anniversary of the Swiss franc in Liechtenstein Arkivert 2004=08-20, ved Wayback Machine.. liechtenstein.li
- Denne artikkelen bygger på «Sveitsisk franc» frå Wikipedia på bokmål, den 9. februar 2025.