Svelthette
Utsjånad
| Svelthette | |
Svelthetter Foto: Arne Aronsen/Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo | |
| Status | |
| Status i Noreg: Datamangel[1] | |
| Systematikk | |
| Rike: | Soppar Fungi |
| Rekkje: | Stilksporesoppar Basidiomycota |
| Underrekkje: | Hymeniesoppar Agaricomycotina |
| Klasse: | Agaricomycetes |
| Orden: | Agaricales |
| Familie: | Mycenaceae |
| Slekt: | Hettesoppar Mycena |
| Seksjon: | Rarifoliatae |
| Art: | Svelthette M. oligophylla |
| Vitskapleg namn | |
| Mycena oligophylla Aronsen & Maas Geest. | |
Svelthette (Mycena oligophylla) er ein særs liten hettesopp (hatt 0,7–2,3 mm på tvers) som veks djupt nede i tuver av knappsiv. Ho er so langt berre funnen på typestaden på Tjøme i Vestfold, der ho vart samla regelmessig i fleire år. Ho er funnen om hausten, ofte i lag med sivsokkelhette og stundom saman med lutvranghette.[2]
Svelthette liknar påfallande mykje på vranghetter og kan lett takast for å vera ein art i denne slekta, men svelthette har derimot amyloide sporar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Brandrud TE, Bendiksen E, Blaalid R, Hofton TH, Jordal JB, Nordén J, Nordén B og Wollan AK (24. november 2021). «Sopper: Vurdering av svelthette Mycena oligophylla for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 12. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022.
Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artiklane Svelthette - Mycena oligophylla og Mycena oligophylla skrivne av Arne Aronsen. Artiklane vart utgjevne av Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo under lisensen CC BY 3.0. Henta 29. juli 2016.