Svelvik kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svelvik kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold
Adm.senter Svelvik
Areal 58 km²
 - land 56 km²
 - vatn km²
Folketal 6 604 (1. januar 2016)
Folketettleik 118 / km²
Målform bokmål
Ordførar Andreas Muri (H)
Kommunenummer 0711
NO 0711 Svelvik.svg
Wikimedia Commons: Svelvik
Nettstad: www.svelvik.kommune.no

Svelvik er ein kommune og ein tettstad i Vestfold fylke. Kommunen grensar i nord til Drammen og i vest til Sande. Aust for Drammensfjorden ligg Røyken og Hurum.

Ein stor del av busetnaden ligg ved kysten/fjorden, særleg småbyen Svelvik med 3923 innbyggarar, og Berger med 1114 innbyggarar. Lenger inne er det jordbruksland og skogkledde åsar.

Namnet Svelvik kjem frå gamalnorsk Sverðvík. Fyrsteleddet er uvisst og går kanskje tilbake på eldre *Sverfð- til gamalnorsk sverfa «kvervle, gå i ring», eller ei allmenn tyding «straum». Ei anna tolking er «boge» om kystlina på Hurumlandet

Historie[endre | endre wikiteksten]

Svelvik fekk status som ladestad i 1845. Strømm og Svelvik vart skilt ut frå Hurum prestegjeld i 2. mars 1861. På 1800-talet fungerte Svelsvik som vinterhamn for Drammen. Sjøfart med seglskuter stod for mykje av sysselsettinga i Svelvik gjennom det meste av det 19. hundreåret. Kommunestyret i Svelvik vedtok i 1998 at tettstaden Svelvik skulle vere by.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Tettstaden og byen Svelvik ligg ved Svelvikstraumen, eit smalt sund i Drammensfjorden som munner ut i Oslofjorden lengre sør. Straumen er blant dei sterkaste i Noreg.
Svelvik kyrkje er ei langkyrkje frå 1859.
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.