Sven Elvestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kriminalforfattaren Sven Elvestad (1884-1934)

Sven Elvestad (6. september 188418. desember 1934) var ein norsk journalist og forfattar, kjend for ei rekkje krim- og spaningsromanar.

I alt 98 romanar er signert Sven Elvestad, alias Kristian F. Biller, Knut Gribb, Asbjørn Krag og Stein Riverton. Det siste namnet er også opphavet til den norske kriminallitterære laget Rivertonklubben.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Elvestad var fødd Banken i Halden og var son til styrmannen Karl Edvin Sørensen og Adolfine Helene (fødd Elvestad), som fekk to søner og to døtrer. I kyrkjeboka står det at Sven vart fødd 6. september, døypt Kristoffer Elvestad og konfirmert som Kristoffer Elvestad Svendsen. Då faren og eldstebroren til Sven omkom på sjøen i 1896, måtte Sven ut for å arbeide.

Det var som journalist i hovudstadsavisa Ørebladet at Sven Elvestad lanserte meisterdetektiven Asbjørn Krag. Føljetongar kom mot slutten av kvart kvartal sidan avisa trong noko ekstra - noko som kunne få lesarane til å fornye abonnementet.

I 1908 kom serien Lys og Skygge med Et mennesketyveri der Knut Gribb har hovudrolla som meisterdetektiv. Sven Elvestad gjekk lei etter 28 fortelljingar, men fortsette med pseudonymet Asbjørn Krag.

Sven Elvestad var eit stort, produktivt skrivetalent. Han levde einsamt, selskapeleg frå ein restaurant til den andre, utan rotfeste i nokon eigen heim; var homofil, men held det løynd for dei fleste. Mot slutten av livet var helsa svært dårleg og han var kraftig alkoholisert.

Sven Elvestad vart funnen død på eit rom på Høyers hotell i Skien 18. desember 1934, berre 50 år gamal.

Utbreiing og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Bøkene til Elvestad er omsette til 11 språk. I Noreg kom bøkene hans ut i eit opplag på over ein million eksemplar, og i Sverige kom Jernvognen åleine ut i heile 200 000 eksemplar. Han fekk utgjeve 85 av bøkene sine i Tyskland.

NRK laga radioteater av fleire av krimhistoriene til Sven Elvestad, mest kjend er kanskje Jernvognen.

I Sven Elvestads fødeby Halden vart han æra med ein statue og eigen plass sentralt i kulturkvartalet i byen. Statuen av Sven Elvestad, som Nils Aas laga, vart avduka 31. oktober 1999.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  1. Skjebergmysteriet eller Severin Mellebyes sidste Blink (utgjeven anonymt) (1902)
  2. Skyggene (utgjeven 1916, skriven langt tidlegare.)
  3. Manden med Panamahatten/De tre millioner (utgjeven 1918)
  4. Mordet i D...gade 63. Træk av Kristiania-Detektiven Asbjørn Krags liv.
  5. Værelse No. 21 Af Kristiania-Opdageren Asbjørn Krags Oplevelser. (1904)
  6. Brevet. Blade fra Udpressingens Historie. (1904)
  7. Herr von Willers Hemmelighed. Kristiania-Detektiven Asbjørn Krags sidste bedrift (1904)
  8. De hemmelige Dokumenter. En Oplevelse sammen med min Ven Privatdetektiven. (1905)
  9. Greven af Oslo. Af Kristiania-Detektiven Asbjørn Krags Oplevelser. (1905) (Stein Riverton)
  10. De 3 millioner. Af Kristiania-Detektiven Asbjørn Krags Oplevelser. (1906)
  11. Den lille blaa. Af Kristiania-Detektiven Asbjørn Krags Oplevelser. (1906) (Forfattarnamn: Stein Riverton)
  12. Ingeniør Barra. Af Kristiania-Detektiven Asbjørn Krags Oplevelser. (1906) (Forfattarnamn: Stein Riverton)
  13. Herren i den gule Automobilen. Af Kristiania-Detektiven Asbjørn Krags Oplevelser. (1907)
  14. Gjennem de tre Værelser. Af Kristiania-Detektiven Asbjørn Krags Oplevelser. (1907)
  15. Knytnæven (1908)
  16. Asbjørn Krag på Lystreise. Den sorte stjerne (1908)
  17. Den tredje (1908) (Forfattarnamn: Stein Riverton)
  18. Et mennesketyveri (1908)
  19. Den Dødes Værelse (1908)
  20. Det stjaalne Hus (1908)
  21. Et spil om Liv og Død (1908)
  22. De fire Ildebrande (1908)
  23. Dødningeuret (1908)
  24. Prinsens Hemmelighed (1908)
  25. I sidste Øieblikk (1908)
  26. Manden med Jernmasken (1908)
  27. Den stjaalne Ballon (1908)
  28. Spøgelsesklovnen (1908)
  29. De råde Draaber (1908)
  30. Da Asbjørn Krag ble narret (1908)
  31. Rovedderkoppen (1908), også utgjeven som Den røde Enke : af Rovedderkoppens Historie (Forfattarnamn: Stein Riverton)
  32. Den tabte Søn (1908)
  33. Eventyrskibet, eller da Thomas Ryer fortalte (1909)
  34. Manden med tusenkronesedlerne (1909)
  35. Den forheksede Præstegaard (1909)
  36. Den døde Passager (1909)
  37. Spøgelset på Hovedøen (1909)
  38. Fem Gange død (1909)
  39. Turisternes Skræk (1909)
  40. Telefonmysteriet i Kongens Gade (1909)
  41. Damen med de tusen Navne (1909)
  42. Et Drama på Iltoget (1909)
  43. Bygdø-mysteriet (1909)
  44. Den brændte Dødsdom (1909)
  45. Røverhoppet i Holmenkollbakken
  46. Den lydløse Tyv (1909)
  47. Den fjerde farve (1909)
  48. Ørneskriget (1909)
  49. Jernvognen (1909) (Forfattarnamn: Stein Riverton)
  50. Hevneren (1909)
  51. Beate Winters merkelige historie (1910)
  52. Angsten (1910) (Forfattarnamn: Sven Elvestad)
  53. Mysteriet paa Bergensbanen (1910)
  54. Skjulte spor (1911)
  55. Den gaadefulle fiende (1911)
  56. Af Chrysantemum-Klubbens Papirer (1911)
  57. Kamælonen (1912)
  58. Damen i rullestolen (1912)
  59. De fortaptes hus (1912) (Forfattarnamn: Stein Riverton)
  60. Negeren med de hvite hænder (1913)
  61. Mirakelet (filmmanuskript) (1913)
  62. De tre, som kom (1913)
  63. Morderen fra mørket (1914)
  64. Mannen som vilde plyndre Kristiania (1914)
  65. Gentlemanstyven (filmmanuskript) (1914)
  66. Bladkongen (filmmanuskript) (1914)
  67. Tindebestigerklubben (1915)
  68. Dödens vinst (svensk) (1915)
  69. For en kvindes ære (1918)
  70. Hvor? (1926)
  71. Det gaadefulde kompani (1916)
  72. Den gule tyv (1916)
  73. Kungens nål/Vår tids mördare (svensk - 1916)
  74. Gardinsnoren (1917)
  75. Skyggen med rubinene (1939)
  76. Skriften på veggen (1916)
  77. Storfürstens affärer (svensk - 1916)
  78. Tidligere straffet (filmmanuskript - 1916)
  79. Utfor fossen (filmmanuskript - 1916)
  80. Hotel Zansibar (filmmanuskript - 1916)
  81. Midnattstimen (filmmanuskript - 1916)
  82. Mordet og huset (1917)
  83. Montrose (1917)
  84. En stemme ved dødens terskel (1939)
  85. Stålskrinet (svensk - 1917)
  86. Prins C (svensk - 1917)
  87. Tider skal komme (1918)
  88. Genom reglade dörrar (svensk - 1918)
  89. Decembermysteriet (svensk - 1918)
  90. Ivan den grusomme (1919)
  91. Fjerdemand (1920)
  92. Døden tar ind paa hotellet (1921)
  93. Fænomenet Robert Robertson (1923)
  94. Manden med tusen jern i ilden (1925)
  95. Rosa Montanus diamanter (1925)
  96. Er det dig Valentiner (1925)
  97. Lincoln Forssners sidste dager (1925)
  98. En hemmelighet imellem to (1925)
  99. Hvorledes dr. Wrangel kom (1926)
  100. Alibiet og mordet (1927)
  101. Færgestedet (1928) Boka hentar handlinga frå ferjestaden på Svinesund.
  102. Hyenen og den eksentriske englender
  103. Djevelen kjeder sig (1929)
  104. Det manglende tall (1929)
  105. Storhertuginnen av Speilsalen (1931)
  106. Skoens hemmelighet (1933)
  107. Fru Alexandra den store (1935)
  108. De mystiska stölderna (svensk - 1936)
  109. Bølgelengde - 333 (ikkje utgjeven)
  110. Det nye Norge - Krigen 1905 (Odd Munk = felles pseudonym for Elvestad og Olaf Wilhelm Erichsen - 1906)
  111. Aar og dag (Sven Elvestad - 1915)
  112. Fædrelandets have (Sven Elvestad 1915)
  113. Professor Umbrosus (Sven Elvestad 1922)
  114. Himmel og hav (1927)
  115. 13 mennesker (1932)
  116. Fra jernvognens århundre (1978)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sven Elvestad henta frå Bokmålswikipedia 4. juli 2005, som oppgjev desse kjeldene:
    • Livet til Sven Elvestad er omtalt i fleire bøker, mellom anna Odd M. Syversens bok frå 1986: «...så gikk det sånn passelig skjevt. En beretning om Sven Elvestad.»
    • Boklista over er henta frå Roger Prangs artikkel i Halden Arbeiderblad 4. juni 1994 om Odd M. Syversens bibliografi.
    • Bård Halvorsens artikkel om Sven Elvestad i Halden Arbeiderblad 18. september 1993 før Brageteaterets premiere same år på «Sirkus i Fredrikshald», Gudmund Grovens dramatisering av Elvestads bok «Spøgelseskloven» frå 1908.
  • Christopher Hals Gylseth: ...seg selv til det ytterste. Øvre Richter Frich og hans forfatterskap

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]