Sven Martin Skagestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sven Martin Skagestad


Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. januar 1995 (29 år)
Bergen
Idrett friidrett, kulestøyt, Diskos
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2016

Sven Martin Nilssen Skagestad (fødd 13. januar 1995) er ein norsk friidrettsutøvar frå Bergen. Han vart norsk meister i kulestøyting i 2015 og 2016 og i diskoskasting i 2015, 2016 og 2017. Skagestad er medlem i Norna-Salhus.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Skagestad kom på bronseplass i diskos-øvinga ved Junior-VM i friidrett 2014. Under noregsmeisterskapen 2104 tok han sølvmedaljen i kulestøyt så vel som diskoskast. Året etter vart han norsk dobbelmeister då meisterskapen fann stad i Haugesund.

I 2016-sesongen var Skagestad på sitt aller beste. Den 15. mai sette han personbeste i diskos med 65,20 meter i Wiesbaden. Siste dagen juli støytte han kula 18,18 meter under noregsmeisterskapen på Askøy, personleg rekord i kulestøyt og NM-gull nummer 2 i øvinga. Han forsvarte også NM-tittelen i diskoskast.

År 2017 vann sitt tredje NM-gull i diskoskast. I 2018 kasta han 9 centimeter for kort til å ta sitt fjerde strake diskosgull. Han vart då slått av Ola Stunes Isene, som også i 2019 og 2020 viste Skagestad til sølvplass i diskoskasting i NM.

I noregsmeisterskapane 2014-20 henta Skagestad til saman 5 gull, 7 sølv og 1 bronsemedalje.

Plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]