Sven Nylander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sven Nylander


Statsborgarskap Sverige
Fødd 1. januar 1962 (62 år)
Varberg
Idrett friidrett, hekkeløp
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1984

Sven Olof Nylander (fødd 1. januar 1962) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Varberg som spesialiserte seg på 400 meter hekk. Han vann to sølvmedaljar og ein bronse i øvinga ved dei tre europameisterskapane i perioden 1986-94. Nylander sin livsrekord på langhekken er 47,98 sekundar, oppnådd i OL-finalen 1996 i Atlanta.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nylander vart svensk meister på 110 meter hekk allereie 17 år gammal, ein prestasjon han gjentok fire år seinare. Internasjonalt satsa han derimot på langhekken, der han i 1982 vart sjuandemann i EM i Aten. Den 4. juni 1983 sette Nylander nordisk rekord då han i Houston vart nordamerikansk studentmeister (NCAA) i 400 m hekk med tida 48,88 sekundar. Vel to månader seinare kom han på fjerdeplass i verdsmeisterskapen i Helsinki, fattige 0,03 sekund bakom bronsevinnaren. Også året etter kom han på fjerdeplass på langhekken då Sommar-OL 1984 fann stad i Los Angeles.

I 1986 tok Nylander bronsemedaljen i 400 m hekk ved EM i Stuttgart. Eitt år etter forbetra han sin nordiske rekord til 48,37 sekundar då han i VM atter vart nummer fire i eit stort meisterskap. I EM-finalen i Split i 1990 kneip Nylander sølvmedaljen med tida 48,43, og fekk fylgje på sigerspallen av landsmannen Niklas Wallenlind som fekk notert 48,52. Fire år seinare flytta Nylander den nordiske rekorden i øvinga til 48,22 sekundar då han i Helsinki tok eitt nytt EM-sølv, hundredelen føre Stéphane Diagana frå Frankrike.

I august 1995 skipa Göteborg by til friidretts-VM. Forventningane om medalje til Nylander steig etter han med 48,53 fekk fjerde beste tid i semifinalane. Han lukkast ikkje å heve prestasjonen i finalen, men vart som femtemann likevel hylla av heimepublikum. Nylander gjorde sitt livs beste langhekkløp i OL-finalen i Atlanta. Sluttida 47,98 sekundar var ny nordisk rekord, men for fjerde gong måtte Nylander ta til takke med ein fjerdeplass, to små hundredels sekund frå bronsemedaljen.

Endå om Nylander høyrde til i verdseliten i 400 meter hekk i så godt som 15 sesongar, vann han berre fire svenske meistertitlar i øvinga; 1982, 1987, 1990 og 1992. Han la opp i 1997.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]