Sven Tumba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sven Tumba

Statsborgarskap Sverige
Fødd 27. august 1931
Adolf Fredriks församling
Død

1. oktober 2011 (80 år)
Stockholm

Yrke fotballspelar, ishockeyspelar, golfspiller
Språk svensk
Høgd 188 centimeter
Ektefelle Mona Tumba
Sven Tumba på Commons

Sven Olof Gunnar Tumba, til 1965 Sven Olof Gunnar Johansson, (27. august 19311. oktober 2011) var ein svensk ishockeyspelar, fotballspelar og golfspelar, fødd i Stockholm. Han vart verdsmeister i ishockey med Sverige i 1953, 1957 og 1962.

Sven Johansson flytta som 10-åring til småbyen Tumba. Nokre år seinare flytta familien til Täby, der han fekk tilnamnet Tumba. Frå 1950 til 1966 spelte han 354 seriekampar på Djurgården sitt ischockeylag, og stod for i alt 368 nettkjenningar. På desse 16 åra var han med å vinne åtte nasjonale seriemeistertitlar. Han deltok også på fotballaget til Djurgården og vart seriemeister med laget i 1959. Hausten 1956 spelte han sogar ein fotballandskamp for Sverige, då Noreg på heimebane i Oslo vart slått 3-1.

Senterløparen Sven Johansson Tumba representerte Sverige på ishockeyarenaen i femten år; 1952-66. Han debuterte under vinterleikane 1952 i Oslo, der Sverige sikra seg bronsemedaljen etter å ha vunne ein omkamp mot Tsjekkoslovakia med 5 mot 3. Året etter vann han det fyrste av tre VM-gull då Sverige sigra under eit amputert VM i Sveits. Sidan vann han VM-gull i Moskva i 1957, framfor arrangørlandet Sovjetunionen. Siste VM-triumfen opplevde han i Colorado Springs i USA i 1962, der det svenske laget vann alle sine sju kampar, elles ein meisterskap der Sovjetunionen ikkje deltok. Både under VM 1963 på svensk heimebane og i OL 1964 i Innsbruck vart det sølv på Johansson Tumba og Sverige, i 1963 på dårlegare målskilnad enn Sovjetunionen. Etter verdsmeisterskapen 1966 stod Tumba bokført med 245 landskampar for Tre Kronor. Han skåra til saman 186 landslagsmål, meir enn nokon annan svensk ishockeyspelar har gjort.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Sven Tumba, 1960

Ishockey[endre | endre wikiteksten]

  • Gullmedalje i ishockey-VM: 1953, 1957 og 1962 med Sverige
  • Sølvmedalje i ishockey-VM: 1963 med Sverige
  • Sølvmedalje i ishockey under Vinter-OL: 1964 med Sverige
  • Bronsemedalje i ishockey under Vinter-OL: 1952 med Sverige
  • Bronsemedalje i ishockey-VM: 1954, 1958 og 1965 med Sverige
  • Svensk meister: 1954, 1955, 1958, 1959 , 1960, 1961, 1962 og 1963 med Djurgårdens IF

Fotball[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk seriemeister: 1959 med Djurgårdens IF

Sven Tumba var både svensk og USA-amerikansk statsborgar då han døydde i Danderyd, 81 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]