Svend Aspås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svend Aspås
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1736
Ålen kommune
Død

januar 1816
Røros

Yrke arkitekt

Svend Halvorsen Aspaas (fødd 1736 i Ålen, død 1816 på Røros) var ein norsk byggmeister, arkitekt og kyrkjebyggar. Han leia mellom bygginga av dei store åttekantkyrkjene i stein: Røros kyrkje, Vang kyrkje (Ridabu) og Sør-Fron kyrkje. For Stor-Elvdal kyrkje var han og arkitekt.

Svend Aspaas kom tidleg til Røros koparverk. Som 17-åring byrja han i lære som smiegut og seinare vart han underbyggmeister og frå 1803 overbyggmeister ved koparverket. Han vart i 1769 sendt til Kongsberg for å få meir opplæring i gruvebygging, i 1784 var han og Falun. Der lærte han seg bruk av slaggstein som byggemateriale.

For generalveimester nordenfjelds, oberstløytnant Nicolai Frederik Krohg, konstruerte han fleire bruer, og han sette opp damanlegg i Bymarka ved Trondheim for Ila mølle.

Sør-Fron kyrkje

Kyrkjebyggjar[endre | endre wikiteksten]

Ved byggingen av Røros kyrkje i 1779-84, kom han i 1780 med som leiar av murarbeidet, etter at arbeidet var påbegynt av murmester Mohr fra Trondheim. Aspaas har truleg ikkje å ha delteke i utforming av kyrkja. Aspaas leia oppføringa av den åttekanta Sør-Fron kyrkje i Gudbrandsdalen i perioden 1786-92. Folket i Fron kjente godt tilhøva på Røros gjennom handel med korn, og dei fekk i 1786 Aspaas til å lage eit overslag over materialbruken ved ei steinkyrkje. Hans kunnskap om muring av høge murar var naudsynt for dette arbeidet og hans kunnskap om konstruksjon av bruer kom til nytte ved oppføring av den enorme takkonstruksjonen. Som takk for arbeidet gav bygdefolket Aspaas eit sølvbeger ”for Froens Hovedkirkes hældige Bygning”.

Vang kyrkje (Ridabu) ved Hamar vart bygd i 1806-10 med sokneprest Abraham Pihl som arkitekt. Pihl måtte dra på eit lengre oppdrag for kongen, og Aspaas var det naturlege valget for å overta Pihls oppgåve som utførande byggmester.

Den enaste kyrkja som Aspaas sikkert var både arkitekt og byggmeister for er Stor-Elvdal kyrkje. Han leverte teikning og modell til kyrkja i 1807 og leia sjølv arbeidet som ikkje vart fullført før Aspaas døde. Kyrkja i Stor-Elvdal er i si hovudform ei sterkt forenkla utgåve av Røros kyrkje, eller helst Tynset kyrkje som førebilete, men med sentraltårn som Sør-Fron kyrkje.

Svend Aspås skal og ha vore arkitekt for Støren kyrkje.[1] Harry Fett gav også Aspaas æra for Buvik kyrkje og Svatsum kyrkje, sjølv om Støren og Buvik også vart rekna som utført av ein elev av Aspaas.[2]

Sonen Runar Aspaas skal ha teikna den åttekanta Tolga kyrkje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Anders Reitan Ålen, 1936.
  • Kåre Hosar: Sør-Fron kirke. Lokal bakgrunn og impulser utenfra. Magisteravhandling Univ. i Oslo 1988
  • Kåre Hosar og Arne Fauske: Sør-Fron kyrkje 1792-1992, 1992
  • Norsk biografisk leksikon: Svend Aspaas
  1. Støren på kyrkjebyggdatabasen lese 14.2.13
  2. Hosar, Kåre (1988): Sør-Fron kirke. Lokal bakgrunn og impulser utenfra. Magisteravhandling i kunsthistorie. Universitetet i Oslo.