Svend Løge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svend Løge
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. oktober 1869
Død

1. februar 1948 (78 år)

Yrke politikar
Politisk parti Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti

Svend Aadnesson Løge (3. oktober 18691. februar 1948) var ein norsk rekneskapsførar frå Time i Rogaland som representerte kjøpstadene i Vest-Agder og RogalandStortinget 1925-27. Han var vald for Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti.

Løge var son til ein gardbrukar. Han gjekk ut av amtsskulen 1887 og tok eksamen ved Kristiansands underoffisersskule i 1890. Frå 1891 til -94 var han politikonstabel i Bergen. Etter han i 1894 var elev ved telegrafskulen til jarnbanen, arbeidde han ved Statsbanene som telegrafist 1894-97, kontorist 1897-1909, og som fullmektig frå 1909. Frå 1918 til 1939 var han rekneskapsførar i Stavanger distrikt.

Løge var mykje aktiv i fråhaldsrørsla. Han var i si tid formann i Stavanger Totalavholdsforening og 1927-34 styremedlem i Det norske Totalavholdsselskap. Han var med i Avholdsfolkets Landsnemnd og i åra 1901-27 formann i Avholdsfolkets Fellesutvalg. Løge engasjerte seg også i samvirkerørsla, mellom anna var han formann i Forbruksforeningen Bikuben i periodane 1913-25 og 1927-36, samt styreformann frå 1923 i samvirkeselskapet Nordkronen. Han var medlem 1915-24 og ordførar 1924-?? i representantskapet til Norges kooperative Landsforening.

Perioden 1916-18 var Løge ordførar i Stavanger bykommune. Hausten 1924 vart han vald inn på Stortinget som den sjette av sju representantar frå dei fem kjøpstadane i Vest-Agder og Rogaland. Tingbolken 1925-27 var han så ein av dei åtte som representerte Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti. Løge var medlem i Finanskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]