Svend L. Skårdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svend L. Skårdal
Svend Larsen Skaardal.jpg
Fødd23. september 1862
Død14. juni 1930
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Svend Larsson Skårdal (23. september 186214. juni 1930) var ein norsk gardbrukar, slaktar og politikar frå Ålen i Sør-Trøndelag. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i fire treårs-periodar.

Skårdal var gardbrukar i Ålen og i tillegg bygdeslaktar. Han var medlem i Ålen heradsstyre frå 1893, ordførar i åra 1908-1916. Ved stortingsvalet hausten 1915 vart han vald til stortingsrepresentant frå einmannskrinsen Gauldalen. På Tinget var han i perioden 1916-18 medlem i Skog- og vassdragskomiteen. I 1918 lukkast han ikkje å verte attvald. Derimot kom han inn att på Stortinget då einmansskrinsane i 1921 var erstatta med fylkesvise landkrinsar. Så frå 1922 til 1930 hadde han fast plass på Stortinget. I alle desse åra var han med i Landbrukskomiteen; sekretær 1922-27 og nestformann 1928-30.

Skårdal var i mange år styremedlem i Norsk Arbeidsmandsforbund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]