Svenn Ingebretsson Mossige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svenn Ingebretsson Mossige
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. september 1780
Time
Død

18. september 1835 (55 år)
Time

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Svenn Ingebretsson Mossige (7. september 178018. september 1835) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Time i Rogaland. Han var far til Ingebret Svennsson Mossige.

Mossige tok over farsgarden og dreiv denne. Han var elles smed og gullsmed. I mange år var han forlikskommissær og valmann frå 1814 til -32. Han møtte på på Stortinget i 1818 og i 1830. I 1818 var han medlem av sju komitear, mellom anna budsjettkomiteen og om forlikslova.

Mossige var mellom dei som kom tidleg med i den haugianske rørsla, han praktiserte eit aktivt kristenliv heile si levetid. Han stifta eit lag for ungdom, som møttest om søndagane og der dei forbetra sine evner og kunnskapar i skriving og rekning.

Tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Han døydde på garden sin i Time i 1835.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]